Kontor for etter- og vidareutdanning held til i Stein Rokkans hus. Førebels er ingen leiar på plass, og handlingsplanen, som skulle vore ferdig i vår, er utsett. Arkivfoto: Magnus Vabø

Halvanna år gamalt kontor manglar leiar

Publisert

For halvanna år sidan vart Senter for etter- og vidareutdanning erstatta av Kontor for etter- og vidareutdanning. Det var mykje støy i prosessen, og framleis har ikkje kontoret fått ein fast dagleg leiar.

SEVU vart KEVU i april 2013. Det mangla ikkje på protestar, og mellom andre dei tilsette ved SEVU meinte at tilbodet ville bli dårlegare ved å desentralisere det. Senter for etter- og vidareutdanning hadde ni tilsette. Det vart erstatta av Kontor for etter- og vidareutdanning, som har leiar og to tilsette. Men leiaren er ikkje eigentleg tilsett som kontorleiar.

– Me har ein fungerande dagleg leiar. Me lyste ut stillinga i fjor haust, men fekk ikkje søkjarar som innfridde alle måla. No er planen å lysa ut på nytt like over nyttår.

Det seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning.

Vil ha ein med kjennskap til verda ikring
Samdal seier at UiB ønskjer ein kandidat med godt kontaktnett når ein skal tilsetja leiar for KEVU.

– Me ønskjer ein leiar som kan profilera UiB i sektoren, og som har eit godt kontaktnett og kan nå ut til potensielle kundar. Me ønskjer ein person som ikkje berre har jobba internt ved UiB, men ein som òg har kunnskap om «verda der ute», seier Samdal.

Målet er nemleg klart: UiB vil verta større på etterutdanning, der yrkesaktive får oppdatert den eksisterande kunnskapen sin, og vidareutdanning, der folk får ytterlegare formell kompetanse.

– Utdanningsnivået i samfunnet aukar, no er det mange som har ei mastergrad. Det betyr at etterutdanning for mange er vel så relevant som vidareutdanning, seier Samdal.

Her ønskjer UiB å kunne ha eit breiare tilbod. I dag er det i hovudsak fagleg-pedagogisk dag, retta mot lærarar, som er universitetet sitt etterutdanningstilbod. Men planen er å kunne tilby kurs over ein eller fleire dagar.

– Dette kan vera kurs retta mot ein spesiell sektor eller som er laga til ein arbeidsplass. Det vil vera snakk om oppdatering, til dømes innan lovverk, seier Samdal.

Ønskjer ekstra personell
Samdal seier at UiB så langt har vore best på vidareutdanning, og at Det humanistiske fakultetet har hatt eit særleg omfattande tilbod over lengre tid.

Rektor Dag Rune Olsen sa i universitetsstyremøtet i oktober at målet er at UiB skal tena pengar på etter- og vidareutdanning.

– Etter- og vidareutdanning er ikkje ein aktivitet me har finansiering til å gjera, så kursa kostar allereie pengar. Eit ønskemål er at me kan få til så stor verksemd at me kan rekruttera ekstra personell som berre kan driva med denne typen utdanning, seier Samdal.

Då Kontor for etter- og vidareutdanning vart etablert, vart det faglege ansvaret overført til fakulteta. Samstundes vedtok universitetsstyret at dei våren 2014 skulle ha ein handlingsplan for etter-og vidareutdanningsverksemda. Denne planen er forseinka.

– Me ba om ei utsetjing. For det første kom prosessen med å setja ned eit utval seint i gang, og for det andre ville me ha nokre rundar med oss sjølve og med omverda. Me har mellom anna vore i kontakt med både Bergen kommune og fylkeskommunen, seier Samdal.

Men alle fakulteta har no ein etter- og vidareutdanningskoordinator. Sjølve kontoret har ansvar for profilering, for å lysa ut utdanningsprogram og ta i mot søkjarar, og dei legg til rette for kurs både for næringslivet og offentleg sektor.

– Ikkje utlært
Det finst fleire aktørar som tilbyr etter- og vidareutdanning. Samdal meiner at for at fleire skal velja nettopp UiB, må studietilbodet verta gjort meir synleg, og det må organiserast fleire konkrete tilbod. Det er nettopp tilsett ein eigen marknadsføringskonsulent for EVU-tilboda.

– Me håpar at det etterkvart vert slik at verksemdene kjem til oss og ber om spesielle opplegg, seier ho.

At regjeringa seier at dei vil satsa på etter- og vidareutdanning for lærarar, gjer òg at Samdal trur på ringverknader for UiB.

– Sjølv om ein har tatt ei mastergrad, er mange framleis interesserte i å læra. Dei færraste kjenner seg vel utlærte.

Viserektor Oddrun Samdal ønskjer at UiB skal gi eit breiare tilbod, særleg på etterutdanningssida. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien
Powered by Labrador CMS