Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Det er viktig å ta betre vare på unge forskartalent, slik Forskingsrådet foreslår, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen etter å ha sett Forskingsrådets budsjettframlegg for 2014. Han etterlyser likevel ein større vilje til satsing på dei humanistiske faga.
– Det er positivt at Forskingsrådet viser ein offensiv haldning og foreslår ein auke av rådet si budsjettramme. Samtidig er det avgjerande viktig at det i budsjettet for 2014 også blir lagt inn ei styrking av universiteta sine budsjettrammer, slik Soria Moria II-erklæringa frå regjeringa kjem med tydelege signal om, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen til Uniforum. Han viser til at det er universiteta og fagmiljøa som ligg tettast på forskingsfronten. – Difor må universiteta og fagmiljøa sjølve ha strategisk og økonomisk spillerom. Me må nytta oss av det tidsvindauget me no har til å gjera ein kraftinnsats for grunnforskinga og auka rammene for prosjekt som forskarane sjølve tar initiativet til. Dette må gjerast gjennom Forskingsrådet og universiteta sine eigne budsjett, meiner han. Støttar satsinga på internasjonalisering og infrastruktur – Dette er heilt i samsvar med våre eigne innspel. Det er også viktig å ta betre vare på yngre forskartalent, slik Forskingsrådet foreslår. Me meiner dette initiativet bør koplast til arbeidet med å laga karrierevegar som er lettare å planleggja fram i tid. Me ynskjer å ta opp att diskusjonen med Kunnskapsdepartementet om dette, slår Ottersen fast. Ynskjer meir pengar til humanistisk forsking – Dei tematiske satsingane dreiar seg om viktige område, men som så mange gonger før, så ser me ikkje noka ny satsing innanfor humaniora. Det er Forskingsrådets ansvar å bidra til at samfunnet held oppe ei brei forsking innanfor dei humanistiske faga. Programmet “Samfunnsutviklingens kulturelle forutsetninger” (SAMKUL) - som gjorde den første utdelinga si i går - er ei fin nyskaping, men dekkjer ikkje humaniorafeltet godt nok, synest han. UiO-rektor Ole Petter Ottersen er heller ikkje nøgd med måten programforskinga er organisert på. – Innretninga på dei tematiske satsingane må vera slik at det blir størst mogleg fri konkurranse om pengane og ikkje noka detaljert øyremerking, er han overtydd om. Les om Forskingsrådet sitt budsjettframlegg for 2014. .
UiO-rektoren er glad for at Forskingsrådet ynskjer å investera meir pengar i internasjonalt samarbeid og utbygging av felles toppmoderne utstyr og laboratorium i Europa.
Han er derimot kritisk til den manglande viljen til å investera meir pengar i humaniora.