Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
EU-kommisjonen opnar døra for førebelse innspel (Expressions of interest (EoI)) til det sjette rammeprogrammet med frist 7.juni. Dette er eit unikt høve til å påverka innhaldet i dei første utlysingane i programmet, til å profilera seg som fagmiljø og starta naudsynt nettverkssamarbeid.
EU-kommisjonen opnar døra for førebelse innspel (Expressions of interest (EoI)) til det sjette rammeprogrammet med frist 7.juni. Dette er eit unikt høve til å påverka innhaldet i dei første utlysingane i programmet, til å profilera seg som fagmiljø og starta naudsynt nettverkssamarbeid. Sidan alle EU-prosjekt er institusjonelle kontrakter vil søknadane om posisjoneringsmidlar bli kanalisert via Forskingsavdelinga ved UiB. Forskingsavdelinga vil evaluera alle forslag før ein sender dei vidare til Forskingsrådet.
I forkant av den formelle implementeringa av det sjette rammeprogrammet ønsker EU-kommisjonen å konsultera forskingsmiljøa i Europa på spesifikke forskingstema innanfor dei tematiske områda. Innsending av ein EoI er likevel ingen garanti for at eit særskilt forskingsfelt blir adressert.
– Innsending av EoI er på ingen måte obligatorisk, men sterkt å anbefala, seier EU rådgiver og Forskningskoordinator Astrid Bårdgard.
Posisjoneringsmidlar
Forskingsrådet annonserer no posisjoneringsmidlar for å utvikla desse førebelse innspela. Ein må merka seg at dette kun gjeld EoI-forslag for “Networks of exellence” og “Integrated projects” for dei tematiske områda som er koordinert av UiB- forskarar.
Den første samlinga av søknader om posisjoneringsmidlar for utvikling av EoI søknader går til Forskingsrådet sjette mai. Frist for å legga fram søknader til Forskingsavdelinga er tredje mai. Seinare søknader vil bli behandla etterkvart. Det er ikkje nokon formell frist i Forskingsrådet, men dei vil helst ha søknadane så fort som mogleg.
Ein felles prosedyre blir nytta for alle område innanfor Noregs forskingsråd. Applikasjonane blir evaluert kontinuerleg.
Send forslag til Astrid Bårdgard eller Mary Helle.