Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB har lagd ein eigen innsatsstyrke for å få meir pengar ut av EU. – Det er ein unik mulegheit til å finansiere forsking, seier Heidi Annette Espedal.
Ho er konstituert direktør for forskingsadministrativ avdeling, og ambisjonane for deltakinga i EUs nye rammeprogram, Horisont 2020, er klare: UiB kan ikkje vere dårlegare enn under opninga av det førre rammeprogrammet. Då blei det levert inn over 100 søknader i løpet av eitt år.
– Hittil har vi sendt 57 søknader til Horisont 2020, fortel Espedal.
Nokre av dei er svært tunge, særleg når det er mange institusjonar og selskap med.
– Andre er derimot enklare, og det er berre éin forskar som skriv dei.
Nokre blir ferdige med søknaden ei veke før tida, mens for andre er det travelt til siste minutt.
– Forskingsadministrativ avdeling hjelper til med å koordinere søknadsarbeidet, mellom anna ved å gi råd om kva interne fristar deltakarane bør ha. Rådgjevarane les utkasta og kjem med framlegg til endringar. Dei som har vore gjennom slike søknadsprosessar før har òg gjort seg sine erfaringar, seier Espedal.
I tillegg til innsatsstyrken og forskingsadministrativ avdeling har økonomiavdelinga oppretta eit tilbod om hjelpe ved budsjettering av dei ofte komplekse og samansette prosjekta.
– Det arbeidet har fått mykje skryt no i vårsemesteret, seier ho.
– Det ligg mykje arbeid i ein søknad. Kva om han ikkje går gjennom?
– Ein del som har søkt gir oss tilbakemelding om at det har vore ein fantastisk læringsprosess, der du må tenkje på ein litt annan måte når du framstiller forskinga di. Dei skaffar seg dessutan eit internasjonalt nettverk, og grunnarbeidet du har gjort kan du bruke i andre søknader seinare. Og samanlikna med tilslagsprosenten i til dømes Fripro, som er no er på om lag 5 prosent, hadde UiB ein tilslagsprosent på over 20 prosent i det førre rammeprogrammet, seier Espedal.
Så langt merkar dei stor interesse for programmet, og mange har kurs i søknadsskriving denne veka.
– Kva vil du seie til forskarar som aldri har søkt om EU-midlar før?
– Eg meiner at det fins relevante utlysningar for alle fagfelta vi har ved UiB. Dei bør snakke med kollegaer som har fått EU-prosjekt tidlegare, og ta kontakt med forskingsadministrativ avdeling for ein prat om kva vi kan få til.