Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Nye Odontologen er truleg Europas mest moderne tannhelsebygg. – Karius og Baktus vil få dårlege kår på Vestlandet framover, trur helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
I går blei bygget opna, femti år etter det gamle bygget, og drøyt tjue år etter at prosessen med nytt bygg blei sett i gang.
– Heile UiB set stor pris på at det nye bygget no blir opna. Det var Tora Aasland som løyvde pengane til bygget i sitt første ordinære statsbudsjett som forskingsminister. Vi reknar med at det blir ein tradisjon at nye statsrådar løyvar pengar til nye bygg og rehabilitering av gamle ved UiB, sa rektor Sigmund Grønmo, med tydeleg adresse til den planlagde universitetsaulaen i Bergen museum. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen humra over rektors ønske, men kom ikkje med løfter. Om aulaen skal ha same framdrift som Odontologen vil han først stå klar rundt 2029.
Flott, lyst og triveleg
Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen var og blant dei mange gratulantane i går:
– På vegne av dei mange pasientane vil eg gratulere. Og sjølv Ulriken, med det store tannlegeboret på toppen, ser ut til å vere ein del av utsmykkinga i dag, meinte Nilsen.
– Bygget er veldig fint, og annarleis. Utruleg flotte fargar, lyst og triveleg. No er det fleire lukka båsar for pasientbehandling, og både kantina og lesesalen er svært moderne, seier tillitsvald Mona Isaksen ved Institutt for klinisk odontologi.
Gapande bygg
Bygget er inspirert av eit gap, og i vrimlearealet har veggane fått fargen «munnholeraud». Bygget har det mest moderne utstyret, med blant anna digital røntgen og mulegheiten til å filme i kvart einskild undervisningsrom. Det er også betre plass til undervisarane rundt i båsane.
Bygget har kosta 853 millionar kroner, og er dimensjonert for 260 tilsette og 286 studentar. Dagleg skal 400 pasientar få hjelp i bygget. Prisane er berre 30 til 50 prosent av offentleg takst, men pasientane må rekne med å bruke litt lengre tid enn hos ein vanleg tannlege.
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen, SV-leiar Audun Lysbakken og helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen følgjer spent med når instruktørtannlege Ina Gulowsen Knudsen lar boret gå på ei øvingsdokke. Foto: Dag Hellesund
Det nye odontologibygget er truleg det mest moderne i Europa akkurat no, og har særs gode arbeidstilhøve både for studentar og tilsette.