EUs forskningspris til Bergen

Publisert

Prosjekter ved Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD) og Nansensenteret mottek i dag Descartes-prisen - EUs forskingspris.


Descartesprisen går til forskarteam som har oppnådd resultat i toppklasse gjennom forskingssamarbeid. Vinnarsummen er på ein million euro, men blir i år delt på fem prisvinnarar, mellom anna eit Arktis-prosjekt (CECA) som Nansensenteret er partnar i, og  European Social Survey (ESS). Her har NSD hatt ansvar for alt dataarbeid og utvikling av teknologi. Det er første gong prisen går til miljø utanfor naturvitskap og medisin.
">
">
 
Det er Ola M. Johannessen er leiar for Climate and Enviromental Change in the Artic (CECA). Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Nansensenteret i Bergen, Max-Planck-instituttet i Hamburg, og Nansenssenteret i St. Petersburg. CECAs forsking har dei siste ti åra hatt Arktis som fokusområde, og samarbeidet har dreidd seg om forsking på drivhuseffekten, berekraftig forvaltning av marine ressursar, og kartlegging av potensielle utfordringar i tilhøve til radioaktive kjelder.
">
">
 
European Social Survey (ESS) er ei stor europeisk samfunnsundersøking som er gjennomført i over 20 land med 40 000 deltakarar. Undersøkinga vart første gang gjennomført for to år sida, resultata frå andre runde vart publisert i haust. Den har som mål å fange opp endringar og  kontinuitet på ulike område som mediebruk, sosial og politisk tillit, politisk interesse og deltaking, moral, helse, tryggleik og økonomi. NSD er ein av seks partnerar på prosjektet. All tilgong til data og dokumentasjon frå prosjektet skjer via heimesidene til NSD. European Social Survey har no over 7000 registrerte brukarar, dei fleste er forskarar, men det er også mange journalistar og andre som nyttar databasen. Det nye no er at heilt nye data blir lagt ope ut på Internett.
 
">
">
">
 
- Descartes-prisen er ei erkjenning av at det blir vurdert som eit godt prosjekt. European Social Survey er etablert rundt teknologi og kompetanse hjå NSD. Vi er ein stab som har representert fornying og resultatet vi ser no er basert på stor arbeidsinnsats, seier direktør i NSD, Bjørn Henrichsen.
 
">
">
 
Han fortel at finansieringa no er meir eller mindre klar for fire år til med European Social Survey. Det er også klart eit undervisningsopplegg basert på European Social Survey som etter planen skal takast i bruk ved universitet og høgskolar i Europa.
NSD er eit aksjeselskap som er eigd av Kunnskapsdepartementet, men jobbar tett med forskingsmiljø ved UiB. Dei fleste tilsette ved NSD har bakgrunn frå UiB.
">

Powered by Labrador CMS