Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Her i landet har mose tradisjonelt ikkje vore synonymt med hagevekstar, sjølv om vestlandsklimaet er ideelt for fleire mosesortar. Botanisk hage på Milde har etablert den så langt einaste mosehagen i Europa, og har store planar for vidare utvikling.
– Her vi står no, er det kanskje 15-20 ulike sortar, seier botanikkprofessor Per M. Jørgensen og viser med handa til dei næraste kvadratmetrane. Vi står på ein liten haug dekt med stein, tre og mose. Mosehagar er ein tusen år gammal tradisjon i Japan, og samspelet mellom stein, vatn og grønt er viktig. Hagen skal ikkje sjå dyrka ut. Det er ikkje berre mose som trivst i hagen, her finst også rikeleg med lav. Jørgensen prøver å gje ei enkel forklaring på kva som er skilnaden mellom dei: – Dei artane som finst her, er komne hit av seg sjølv. Vi har berre dandert dei litt. Ein må ha sans for små former og fargenyansar. Alle mosar er nokså lause, dei har ikkje røter. Her ser du ein mose som veks på stein og dannar tuer. Næring får dei frå vatnet som renn over steinen, og steinen blir broten ned med tida, så då får dei mineral. Mose kan halde opptil førti gonger si eiga vekt i vatn!
– Her er det lagt til rette for mose frå naturen si side. Og du ser at mosen held seg grøn og fin sjølv på denne årstida. Du er vel samd i at det er nokså trolsk her?
For om lag ti år sidan var Jørgensen i Japan, og fekk sjå ein mosehage i Kyoto. Då fekk han ideen til mosehagen i Botanisk hage. Sidan har det fleire gonger vore japanske hagearkitektar på besøk, og no vonar Jørgensen at hagen vil få midlar frå eit japansk fond slik at ein kan vidareutvikle han og få inn fleire tre og plantar.
– Planen er at samspelet mellom dei ulike elementa skal bli meir japansk enn i dag. Vi skal få inn fleire japanske buskar og tre, og annan stein. Her skal det bli ein inngangsport med japanske lykter og slikt. Så skal vi få iris bortover der, og bambus på baksida. Det skal bli ein spennande rundtur! forklarer Jørgensen.
Må ha venlege steinar
– Eg har fått lange talar frå dei japanske arkitektane om dette. Steinen skal vere ein organisk del av hagen. Ein stein som ligg med ein spiss kant ut i lufta, er fiendtleg mot den besøkande. Den steinen du ser der, er rundare, den får du lyst til å klemme. Vi må få litt venlegare stein i denne hagen, seier botanikkprofessoren.
Han syner fram den delen av hagen han førebels er mest nøgd med. Hagen ser ut som han har vakse fram av seg sjølv gjennom mange år. Store tuer med mørkegrøn bjørnemose ligg i overgangen der trea tek slutt.
– Vi har prøvd å flytte litt på mosen for å få han til å vekse andre stader. Det er vanskeleg, men ikkje umogleg: Set du laus mose på ein ny stad, kjem fuglane og forsyner seg til reirbygging, eller dei sparkar laus mosen på jakt etter mat. Denne bjørnemosen har vi lukkast best med. Vi har prøvd med andre som ikkje har gått så bra. Det tek tid å etablere ein mosehage!
Mose eller lav?
– Mose har klorofyll og blad, det har ikkje lav. Lav er sopp som lever saman med ein alge, og klorofyllet sit i algen, slik at du oftast ikkje kan sjå det.
Jørgensen reknar med at det finst om lag 50 moseartar på området. I alt kjenner ein til 1102 artar i Norge. Som oftast blir folk overraska over at det er så mange. Dei fleste trur mose er mose.
Grønt året rundt
Dersom Jørgensen får pengane han har søkt om, skal hagen etter planen stå ferdig i 2005, i tide til å markere at det då er hundre år sidan Norge oppretta diplomatiske band til Japan.
– Her i landet er vi vande med å tenke at det skal vere blomar og fargar i ein hage. Fordelen med ein mosehage er at han er like grøn og fin året rundt. Til og med eldre bergensfruer har vore imponert over kor fint det kan sjå ut med mose, seier Jørgensen nøgd.