Johan Fredrik Odfjell, som er ekstern representant i universitetsstyret, synest det er synd at fleire av fakulteta ikkje ser på etter- og vidareutdanning som noko dei vil ta ansvar for. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

Lei for låg prestisje

Publisert

– I USA er det dei flinkaste professorane som held kurs i etter- og vidareutdanning, sa Johan Fredrik Odfjell då universitetsstyret diskuterte temaet. Odfjell meiner at fleire fakultet ved UiB har misforstått fundamentalt.

– Etter- og vidareutdanning er ein viktig del av vindauga vårt mot det store omlandet, sa Oddny Miljeteig då universitetsstyret diskuterte saka med tittel «Handlingsplan for etter- og viderutdanningstilbudet 2015-2017».

Etter at Senter for etter- og vidareutdanning vart erstatta av Kontor for etter- og vidareutdanning i 2013, var ein del av bestillinga frå universitetsstyret at det skulle lagast ein eigen handlingsplan for etter- og vidareutdanningstilbodet.

– Me har ikkje sett på ting som kurs, avlønning eller marknadsføring. Fokuset vårt har vore kva som skal vera dei viktigaste satsingsområda, sa viserektor Oddrun Samdal, som har leia arbeidet med handlingsplanen.

Skulen og offentleg sektor
Handlingsplanen er sett opp i fire punkt:

  • UiB satser på skolen
  • UiB satser på offentlig sektor og organisasjoner i arbeidslivet
  • UiB skal tilby EVU innen UiBs strategiske profilområder
  • UiB skal videreutvikle etterutdanningstilbudet

– I dag er det mange som allereie har mastergrad, så dei treng ikkje vidareutdanning som gir studiepoeng. Eg trur at etterutdanning vil verta stadig viktigare. Og me må legga opp til at ein ikkje berre skal koma til UiB for å følgja eit kurs, me må òg kunne reisa ut på arbeidsplassar og halda kurs, sa Samdal.

– Me ønskjer at alle fakulteta skal vera med og bidra på nokre område, la ho til.

Handlingsplanen har vore på høyring til fakulteta. Tilbakemeldingane er delte. Det humanistiske fakultetet skriv at «den interne høringen på fakultetet viser stort engasjement, gode forslag og konkrete innspill til den foreslåtte handlingsplanen. Den foreslåtte satsingen på skoleverket, innsatsområdet UiB satser på skolen, blir godt mottatt ved HF», medan Det juridiske fakultetet skriv at «vi kan imidlertid ikke se at vi skal kunne påta oss oppgaver på dette området i nær framtid, bortsett fra i enkeltstående tilfeller der et slikt tilbud kan utledes av andre aktiviteter uten ekstra ressursinnsats fra vår side».

Heller ikkje ved Det medisinsk-odontologiske fakultetet er entusiasmen stor: «Fakultet er i starten på en større omlegging av studieplanen for medisinstudiet, og ønsker derfor ikke å prioritere større satsinger på EVU i denne perioden».

Framleis ingen leiar
Johan Fredrik Odfjell uttrykte at han vart litt trist over å lesa tilbakemeldingane frå fakulteta.

– Det ser ut til at prestisjen knytt til etter- og vidareutdanning er låg. Det er ei fundamental misforståing. I USA er det dei beste professorane som held kurs av denne typen. Som undervisar møter ein kursdeltakarar som har røynsle frå arbeidslivet – det vert ein annan måte å gi og ta på enn møtet med vanlege studentar, sa Odfjell.

Han etterlyste ei kartlegging av innan kva felt UiB kan tenkja kommersielt.

– Me har lov å tena pengar sjølv om me gjer samfunnsnyttig arbeid, understreka Samdal.

Ho sa at bakgrunnen for reorganiseringa av etter- og vidareutdanninga var å få fakulteta til å ta meir ansvar. Tidlegare var det enkeltpersonar som tok stort ansvar for aktiviteten innan feltet. Men framleis har ikkje Kontor for etter- og vidareutdanning fått på plass ein leiar. Stillinga har vore lyst ut ein gong, utan at nokon vart tilsett, og søndag går søknadsfristen ut for den andregongs utlysinga.

Også Anne Kverneland Bogsnes etterlyste større engasjement frå fakulteta.

– Det er litt trist å sjå korleis dei ulike fakulteta ser på etter- og vidareutdanning. Eg representerer ein stor etat, som no har begynt å få pengar til mellom anna forsking. Det betyr at no er tida inne for å vera på. Det finst mykje pengar ute i det offentlege som er viktig å få med seg, sa NAV-direktøren.

Vil sjå på honorering
Miljeteig spurte om omorganiseringa har sett seg.

– Omorganisering og innstramming i honoreringa har svekka området i ein periode. Me reknar med meir trøkk inn i aktiviteten når kontoret får ein fast leiar, sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

For nokre år sidan vart det bestemt at dei som har evu-kurs på kveldstid eller i helgene, ikkje får ekstra betalt, men må ta dette innanfor den vanlege undervisningstida. Bernstrøm sa at personal- og organisasjonsavdelinga no er i gang med å sjå på kva moglegheiter ein har til ekstrahonorering.

– Dei ressursane me får inn gjennom å tilby etter- og vidareutdanning, kan koma forskinga til gode, sa rektor Dag Rune Olsen.

– Det handlar om å finna ut korleis me kan tilby noko dei andre ikkje har. Både NTNU og NHH har store etter- og vidareutdanningsprogram, sa rektor. 

Powered by Labrador CMS