Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Rektoratet ved både UiB og HiB har sagt ja. Men det trengs framleis fleire faddervakter frå 15. august.
I veka frå 15. august kan det koma til å vera så mykje som 10 000 studentar i Bergen sentrum nattestid. Dei fleste er ferske – nokre er meir røynde og difor fadrar. I år skal alle utdanningsinstitusjonane i Bergen ha fadderveke i veke 33, det vil seia frå måndag 15. august. Faddervaktkoordiantor Jin Sigve Mæland ønskjer difor at det er 300 faddervakter i sving denne veka, frå måndag til og med laurdag.
– Det betyr ikkje nødvendigvis 300 menneske, det er sjølvsagt mogleg å gå vakt fleire kveldar dersom ein ønskjer det, understrekar Mæland.
Talet på vakter er uansett ei dobling i forhold til fjoråret.
Base på blå steinen
Det handlar om å gjera studiestarten trygg for alle. Ordninga med faddervakt kom etter at ein student vart valdteken i Bergen sentrum for nokre år sidan.
Vaktene, som er godt synlege i refleksvestane sine, har base ved den blå steinen i sentrum. Her deler dei ut vatn og noko enkelt å bita i.
– I fjor såg me at den blå steinen fungerer på to måtar: Hit kjem fadderbarn som har mista gruppa si, og hit kjem studentar som ønskjer å ta ein pust i bakken. Mange kom innom for å få seg litt vatn å drikka, seier Mæland.
Faddervaktene patruljerer i tillegg i sentrum. Mæland understrekar at oppgåva deira er å observera, og at ein på ingen måte skal ta over oppgåvene frå det offentlege.
– Nokre studentar ønskjer at nokon skal følgja dei heim, dei er kanskje heilt nye i byen. Det gjer faddervaktene gjerne. I tillegg kan faddervaktene vera utanfor utestadane når det er mange menneske samla. Vaksne menneske med refleksvest kan vera med og førebygga uønska hendingar, seier Mæland, og legg til:
– Treffer ein rektor når han går faddervakt, så prøver ein å oppføra seg skikkeleg!
Rektor Dag Rune Olsen har gått faddervakt fleire år, og stiller opp saman med resten av rektoratet i år òg. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien
Rektoratet skal gå
Og UiB-rektor Dag Rune Olsen skal gå faddervakt. Det same skal resten av rektoratet.
– Eg synest det er triveleg å gå faddervakt, og det er eigentleg ganske roleg sett ut i frå kor mange menneske som er i sentrum desse dagane. Rektoratet ønskjer å støtta opp om faddervakt-prosjektet, og me meiner dette er ein del av velkomsten til nye studentar, seier Oddrun Samdal, som er viserektor for utdanning.
Samdal er òg styreleiar for Utdanning i Bergen. Nyleg hadde organisasjonen invitert mange aktørar til eit møte om studiestart og fadderveka; både utdanningsinstitusjonane, SiB, kommunen, brannvesenet, velforeiningane i sentrum og utelivsbransjen.
– Det handlar om å førebu oss sjølve og om å jobba førebyggande. Desse dagane er det nesten som ein festival, med mange aktivitetar i byrommet, og det er viktig at det ikkje oppstår uheldige episodar, seier Samdal.
Ho er oppteken av at studentane skal få eit positivt møte med både UiB og byen, og seier at det er viktig at alkohol ikkje vert hovuddrivaren.
– Det er jobba mykje med dette, både gjennom kursing av fadrane, men òg mellom anna med SiB sitt Lykkepromille-prosjekt. Me er òg svært tydelege på at utestadane ikkje får sponsa arrangement som er i UiB sin regi, seier Samdal.
Har oppmoda Erna
Mæland innrømmer at han er spent på korleis det vil verta når alle dei nye studentane kjem samstundes. Dei siste åra har faddervekene stort sett fordelt seg over to veker. I år er det tillegg fleire store konsertar i Bergen sentrum same veka. Det betyr at det kjem til å vera mykje folk ute.
– Me har oppmoda bystyret til å vera med og gå faddervakt. Dette er ei ordning kommunen er veldig glade i, og dei sponsar oss med gratis vasstankar. Me er òg i dialog med Røde Kors for å kunne ha nokon ute i byrommet som kan hjelpa til dersom nokon skadar seg. Det er alltid nokre kutt og vrikka anklar. Me har òg vore i kontakt med eit av taxiselskapa om at dei kan ta med seg dei studentane me meiner treng det, til legevakten, seier Mæland.
Så langt har både vitskapeleg tilsette, administrativt tilsette og studentar meldt seg som faddervakter. Men heilt fram til byrjinga av august kan ein registrera seg på faddervaktordninga si Facebook-side.
– Me har òg oppmoda statsministeren om å vera med, smiler Mæland.