Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Strykprosenten på ex.phil er redusert med 11 prosentpoeng på eitt år. Reduksjonen har sterk samanheng med at fleire har fått tilbod om å følgje seminarmodellen.
Hausten 2003 var den samla strykprosenten på ex.phil 19 prosent. Eitt år seinare er han gått ned til åtte prosent. Nesten 200 fleire bestod eksamen hausten 2004 enn i 2003, trass i at det var nesten 400 færre oppmelde. Medan eksamensmodellen følgjer eit tradisjonelt opplegg der studentane følgjer forelesingar og avsluttar med ein skuleeksamen, inneber seminarmodellen jamnare arbeid gjennom heile semesteret. Seminarmodellen vart først innført som ei prøveordning ved to fakultet i 1999, og var altså i haust eit tilbod til studentar ved alle fakulteta.
Skilnaden ligg i at hausten 2004 var seminarmodellen for første gong eit tilbod på alle fakultet. Godt over to tredeler av dei som møtte til eksamen, hadde valt seminarmodellen. Mellom desse var det 1 prosent stryk. På eksamensmodellen var strykprosenten 32.
– Frå no av trur eg ikkje strykprosenten vil gå vesentleg ned. Vi må fokusere på å halde fram med det gode nivået, og sjølvsagt kan ein alltid prøve å bli betre i småting. Det at vi får produsert fleire studiepoeng, hjelper oss med å sikre at vi har midlar til å oppretthalde eit såpass ressurskrevjande tilbod, seier viserektor for utdanning, Leiv K. Sydnes, som fortel at det er eit mål å få flest mogleg til å velje seminarmodellen.
– Seminarmodellen kan syne til dei beste resultata, men sjølvsagt vil vi halde fram med å tilby eksamensmodellen til dei gruppene som av ulike grunnar ikkje kan følgje fast undervising. Men det er seminarmodellen vi først og fremst brukar midlar og innsats på.
Nøgd med forma
– Studentane blir delte i grupper på maks 25 personar, og følgjer seminar i tillegg til forelesingar. Her får dei skrivetrening og rettleiing gjennom heile semesteret, fortel styrar ved Filosofisk institutt, Kåre Johnsen.
Han er rimeleg nøgd med den forma ein har funne.
– Ein kan alltid diskutere om ikkje ting kan bli betre, men ser ein på strykprosenten, har det i alle fall vore ein suksess. Det viktigaste poenget her er at studentane i eit førstesemesterstudium får høve til å arbeide meir konkret med studiet enn tilfellet var med eksamensmodellen. Det gjev synlege resultat, seier han.