Fagbokpris til «Norsk fotohistorie»

Publisert

Nynorsk fagbokpris for 2003 vart tildelt UiB-forskarane Peter Larsen og Sigrid Lien for bokprosjektet «Norsk fotohistorie». I boka som kjem ut på Samlaget i 2005, vil forfattarane gi ei brei tverrfagleg framstilling av fotohistoria i Noreg.

– Fotografiet vart først nyleg akseptert som ein del av kunsthistoria og det har tidlegare vore oversett i akademisk samanhang. Dei siste tiåra har det imidlertid vakse fram ei internasjonal forsking om fotoestetikk og fotohistorie, samtidig som fotografiet har fått ein stadig større plass i det offentlege rommet - også i samtidskunsten. Boka vil ta denne utviklinga på alvor og ikkje berre sjå på fotografiet som estetisk objekt, men også på korleis det har blitt brukt og kva kommersielle funksjonar det har hatt, seier professor i medievitskap, Peter Larsen.

Saman med Sigrid Lien, som er førsteamanuensis i kunsthistorie, skal han gi ei tverrfagleg vinkling på norsk fotohistorie.

– Det er eit generelt problem at vi har alt for få fagbøker- særleg grunnbøker - på norsk, seier Larsen, som er svært glad for at Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo og Det Norske Samlaget, har oppretta denne fagbokprisen.

Prisen er på 100.000 kroner og vart delt ut for første gong i år.

I tildelinga har juryen lagt vekt på at dette er ei brei innføringsbok i eit emne der det ikkje finst eigna lærebok frå før.

«Boka vil vere aktuell i kunsthistorie, medievitskap og kulturstudiar, fagområde som er i vekst og der det tradisjonelt har vore lite nynorsk faglitteratur. Med si kontekstuelle og tverrfaglege vinkling representerer den eit viktig tilskot til faglitteraturen på desse områda» meiner juryen.

Forfattarane går no i gang med omfattande arkivstudier. Boka vil følgje fotografiet si historie frå daguerrotypiet vart introdusert på 1840-talet til dagens digitale teknologi. Frå den tidlige historia er det mange områder som ein ikkje før har vektlagt.

– Landskapsfotografiet og portrett er godt dekka, men vi ynskjer å sjå på andre bruksformer som til dømes i pressa og andre kvardagslege samanhanger. Vi ser mellom anna på kva rolle fotografiet spelte i nasjonsbyggjinga, korleis ein såg for seg at mennesker og byggjestil skulle framstillast. For tida forskar Sigrid på fotografiet si rolle som erindring om det norske for norske emigrantar i USA , fortel Larsen.

Powered by Labrador CMS