Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Høgskulen på Vestlandet har no fått ein fagleg profil. Men saka kjem opp att til hausten, når den nye høgskulen skal leggje strategi.
Den nyleg samanslåtte høgskulen prøver å finne seg sjølv. Det gjer dei mellom anna ved å analysere kva område dei utdannar og forskar på.
Svaret er samla i dokumentet <<Fagleg plattform, profil og strategi - Drivkraft i Vest>>, som blei lagt fram for godkjenning på styremøtet i dag.
Fag og utdanningar er sorterte, og delt inn i tre profilområde:
Men eit tidlegare profilområde, som vektla innovasjon og entreprenørskap, er fjerna, noko det blei debatt om i styret i dag.
– Eg kunne ynskt meg at dette med innovasjon og entreprenørskap kjem inn igjen som eit profilområde. Sidan vi ikkje har klart å dra inn samfunnsliv og næring i breiare forstand, trur eg det kan vere bra å signalisere at dette og skal vere eit profilområde i framtida. Dette med arbeidslivs- og profesjonsprofil kunne òg vore noko som gjennomsyrer heile profilen. Det er noko med å halde fast med den store og djerve ideen som denne høgskulen bygger på, sa styremedlem Gunnar Yttri.
Innspelet frå Yttri fikk samrøystes støtte frå styret, og blei med saka vidare mot ein ferdig strategi, som skal lagast til hausten.