Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fredag lanserte UiB sitt nye forskings- og studieprogram Region og regionalisering, der aktivitetar ved Lyngheisenteret inngår som ein viktig del. Blant deltakarane på fagseminaret ved senteret var miljøvernminister Knut Arild Hareide.
Sidan hausten 2004 har ei arbeidsgruppe kartlagd aktuelle forskingsmiljø som kunne danna grunnlaget for ei ny satsing på region og regionalisering som forskings- og undervisningsfelt. Arbeidsgruppa har fått over hundre innspel frå ulike miljø, og resultatet av arbeidet var presentert på eit fagseminar på Lyngheisenteret før helga. Dekanus ved HF-fakultetet, Gunnstein Akselberg, presenterte ei skisse av samarbeidet som er etablert mellom fakulteta ved UiB, og mellom UiB, Universitetet i Stavanger og høgskulane. Fagseminaret, der representantar for både kultur- og landbruksdepartementet deltok i tillegg til statsråden, vart arrangert i høve tildelinga av EUs kulturpris til Lyngheisenteret. Pristildelinga vart offentleggjort i juni, men det var først no at styreleiar for Stiftinga Lyngheisenteret, Jostein Vike, fekk sjølve provet på hederen i hendene. Med nasjonale styresmakter tungt representert på fagseminaret, er det no tend eit gryande håp hjå leiinga ved senteret om å endeleg få den støtta dei meiner må til for å driva eit internasjonalt natur- og kulturlandskapssenter.
Internasjonalt
- I tillegg til å aktivisera ulike institusjonar på Vestlandet, rettar me også blikket internasjonalt, det er vesentleg å setta kulturlandskapsforskinga i ein internasjonal samanheng. Vern om lyngheiene som kulturlandskap frå Lofoten til Portugal, og forsking, undervisning og formidling om desse er ei internasjonal oppgåve, sa Akselberg.
Skissa til masterprogram som vart lagt fram for deltakarane på fagseminaret viste eit program med tre ulike linjer: ”natur og landskap”, ”kultur og historie” og ”økonomi og næringsliv”. Programmet skal ha to tverrgåande obligatoriske emne – ”ekspertar i team” og ”ressursar (utvikling, utnytting, jus)”. Masterprogrammet skal vera todelt, med ein forskingsretta master og ein arbeidslivsretta master med redusert masteroppgåve. Sistnemnde skal gje yrkeskompetanse innanfor offentlig og privat næringsliv, formidling og utdanning, forvaltning, turisme og næringsliv.
Prisen kom heim
Det var miljøvernministeren som hadde med seg plaketten i bagasjen. I tillegg bladde han opp 400 000 kroner til Lyngheisenteret, pengar som er øyremerka skjøtsel og istandsetting av kulturlandskap og kulturminne. Pengane var ein eingongssum, og miljøvernministeren ville ikkje, trass iherdige forsøk frå pressa, avsløra om der ligg etterlengta midlar til senteret i komande statsbudsjett.
- Me er ikkje ferdige enno, var statsrådens kommentar til spørsmålet.
Lovord
Senteret har sin bakgrunn som stort forskingsprosjekt, leia av UiB, der kunnskap om forvaltning av lyngheiene var hovudmålet. Arkeologiske utgravingar og forsking og undervisning i naturfag, kulturfag og historie er også viktige delar av aktivitetane frå UiB si side. Men dårleg økonomi og manglande statleg driftsstøtte, bortsett frå rein naudhjelp, har lege som ei klam hand over drifta. Fredag hausta senteret, forskarane og styret for stiftinga så mange lovord frå nasjonale aktørar at optimismen stod å lesa i andleta både hjå styreleiar Jostein Vike og nestleiar Rune Nilsen frå UiB.
- Dette seminaret er ei konsolidering av forholdet mellom UiB og senteret. Det er no løfta ut av prosjektfasen og forankra i institusjonen, og fagseminaret er ei tydeleggjering av status for senteret, sa Rune Nilsen.
Sjølv etter ein lang dag med foredrag og innlegg, valde fleire av gjestane på fagseminaret å vera med på spasertur gjennom lyngheiene og på båttur til Lurekalven, der arkeologiske funn vart presentert med stor entusiasme av forskarane Mons Kvamme og Peter Emil Kaland.