Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Tycho Brahe hadde hovudet på rett stad og er rekna som den moderne astronomiens far. Men korleis mista han nasa?
Den danske astronomen Tycho Brahe (1546-1601) sine bidrag til astronomien er rekna som uvurderlege. Han bygde og kalibrerte observasjonsinstrument, noko som skapte ein større presisjon innan faget, og la grunnlaget for at Johannes Kepler fann ut at planetane flyttar seg i elliptiske banar. Brahe målte årets lengde med ei nøyaktigheit på eitt sekund, og skapte eit nøyaktig stjernekart med 777 stjerner. Den skandinaviske adelsmannen er også kjend for eit spanande liv. Han vart ein av dei rikaste mennene i Danmark, og haldt seg mellom anna med ein tam elg og ein dverg han meinte var synsk. Han er også kjend for sin død, som visstnok skal ha vore forårsaka av ei sprengt urinblære etter stort inntak av drikke i ein keisarleg fest, der det var rekna som uhøfleg å reisa seg før keisaren. I 1566 mista Brahe ein bit av nasa, og laga seg ein protese av metall. Vårt spørsmål denne fredagen er: Korleis gjekk det til? a) Han mista nasa i eit kjemisk eksperiment som gjekk gale b) Han fekk forfrysningar under ein svært kald vinter i Wittenberg c) Han mista nasa i ein duell Veit du svaret? Send det til fredag@uib.no innan mandag kl. 12 og ver med i trekninga av flaxlodd. Kjenner du til ein vitskapelig kuriositet, ei spesiell sak, eit dyr med ein spesiell eigenskap eller andre snodige fakta fra vitskapen, er du velkomen til å senda inn tips til fredagskonkurransen vår på fredag@uib.no.