Dronning Sonja kjem til UiB når det nye Fakultet for kunst, musikk og design opnar 4. januar. Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelege hoff.

Hennar Majestet Dronning Sonja kjem til UiB

UiB sitt nye Fakultet for kunst, musikk og design opnar 4. januar 2017.

Ved UiB startar 2017 med eit nytt fakultet, samt kongeleg besøk.

H.M. Dronninga tek turen til Bergen for å vere til stades på den formelle opninga av Fakultet for kunst, musikk og design.

– Det er ei stor ære for universitetet at Kongehuset prioriterer opninga av Fakultet for kunst, musikk og design. Studentane og dei tilsette held eit svært høgt fagleg nivå, og vi gler oss til å vise henne eksempel på aktiviteten vår, seier Dag Rune Olsen i ei pressemelding.

H.M. Dronninga tek turen til Bergen for å vere til stades på den formelle opninga.

– Det er ei stor ære for universitetet at Kongehuset prioriterer opninga av Fakultet for kunst, musikk og design. Studentane og dei tilsette held eit svært høgt fagleg nivå, og vi gler oss til å vise henne eksempel på aktiviteten vår, seier Dag Rune Olsen i ei pressemelding.

Lang veg fram mot samanslåing
Arbeidet med å danne det som no blir UiB sitt sjuande fakultet, har vore i gang lenge. Samanslåinga er eit resultat av eit politisk ønske om å skape færre, større einingar.

På det siste universitetsstyremøtet før sommaren vedtok styret å anbefale overfor Kunnskapsdepartementet at Kunst- og designhøgskolen i Bergen skulle overdra verksemda si til Universitetet i Bergen frå 1. januar 2017. Også leiinga ved Griegakademiet og Kunst- og designhøgskulen i Bergen har stilt seg positive til ei samanslåing.

Gerd Tinglum konstituert dekan
Gerd Tinglum er i dag rektor ved Kunst – og designhøgskolen i Bergen. Ho er tilsett som inerimsdekan ved Fakultet for kunst, musikk og design.

Ho trur samanslåinga vil gjere at fagmiljøa kan hevde seg i konkurransen om EU-midlar. Eit kunstarleg PhD-program er også på trappene.

– Eit slikt program vil gje oss ein posisjon som opnar for å søke midlar frå EU og vil vere motiverande for dei beste kandidatane.Dette vil styrke forskinga vår, seier Gerd Tinglum i ei pressemelding.

Powered by Labrador CMS