Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Det skal bli veldig gøy, det som kan bli krevjande er å læra seg eit nytt fagfelt, men det ser eg veldig fram til, seier Synnøve Myhre.
Ho blir historias første fakultetsdirektør ved det nyoppretta fakultetet for kunst, musikk og design (KMD).
Myhre er no administrasjonssjef ved Institutt for biologi, og går over i den nye stillinga i byrjinga av juni.
– Eg trur det nye fakultetet har mykje å bidra med inn mot UiB, og kan utfordra oss litt på korleis dei andre fakulteta tenker, seier Myhre.
Les også: Storstilt kunstfest for det nye fakultet
– Korleis blir det å bli direktør for eit heilt nyoppretta fakultet?
– Det blir veldig kjekt, det viktigaste verktøyet for meg blir øyra. Eg må læra folk og kjenna, og læra meg kulturen. Og så kan eg jo UiB godt etter nokon år. Eg tenker at det blir veldig viktig å høyra kva for gode verdiar det er som har gitt Kunsthøgskulen så gode resultat gjennom mange år.
Interimdekan ved KMD Gerd Tinglum er godt fornøgd med tilsettinga.
– Me er veldig glade for at Myhre har sagt ja til å bli fakultetsdirektør. Ho har erfaring og kunnskap som er viktig for fakultetet, og ho er godt egna til stillinga. Me ser fram til å arbeida saman med ho. Før ho startar håpar me også å ha stillinga som assisterande fakultetsdirektør på plass, seier Tinglum.
– Korleis blir det å forlata Insitutt for biologi?
– Eg har vore der i to år, og dei er ein flott gjeng. Det er flinke forskarar og ein super administrasjon som gjer leiarane sine gode. Det er ikkje med lett hjarte at eg sluttar. Men no var eg heldig å fekk denne moglegheita, og av og til så må ein hoppa i det, seier Myhre.
Kva trur du blir den største utfordringa?
– Det er tidleg å seia. Ein må gå inn i detta med opne auge og tenka at det er mykje spennande. Utfordringar vil det alltid vera.
Cecilie Ohm er konstituert direktør for Fakultet for kunst, musikk og design.