Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det blei storutrykning då brannvesenet fekk melding om brann på Fakultetet for kunst, musikk og design mandag kveld.
Brannalarmen gjekk klokka 18.29 mandag då det kom røyk inn i bygget til fakultetet i Møllendalsveien. Men det viste seg at røyken var trekt inn i bygget via ventilasjonsanlegget, og sjølve røykutviklinga kom frå sidebygget, der ein var i ferd med å brenne keramikk i ein omn.
– Det er snakk om ein utvendig keramikkverkstad med ein omn som er driven av gass, fortel eigedomsdirektør Even Berge.
– Politiet gjer åstadsgransking i føremiddag. Så får vi etterpå prøve å finne ut kva som har skjedd, om det til dømes var feil på utstyret.
Fakultetsdirektør Synnøve Myhre kom raskt til staden etter brannmeldinga i går.
– Evakueringa gikk veldig rolig, fortel ho.
Brannen skjedde under eit keramikkurs for ein del av studentane. I tillegg måtte andre studentar og tilsette i hovudbygget evakuerast, men dei fekk komme inn igjen rundt klokka 19.20.
Det er ein del skader rundt keramikkovnen, som var på veg til å bli kjølt ned då røykutviklinga kom. Brannvesenet måtte mellom anna ta ned ein vegg nær omnen.
– Vi veit ikkje om omnen kan brukast igjen, seier Myhre til På Høyden.