Det kunstnarlege skal i endå større grad inn på UiB, men namnet må ein gå ein runde til på.

Det blir eige kunstfakultet, men kva blir namnet?

Publisert

Universitetsstyret vedtok å opprette eit kunstfagleg fakultet med Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB) og Griegakademiet. Men kva blir namnet?

KHiB skal bli ein del av Universitetet i Bergen gjennom ei verksemdsoverdraging, slik at UiB tek over alle tilsette frå KHiB.

Saka har allereie vore handsama av KHiB-styret, som har stilt ein del vilkår for å leggja seg sjølv ned som sjølvstendig institusjon. Å få med seg heile budsjettet over i den nye institusjonen var eitt av vilkåra.

Universitetsstyret klappa inn «Det kunstneriske fakultet», men ønskjer å gå ein runde til når det gjeld namn, då «kunsterisk» ikkje er det beste ordet når namnet skal nyttast på nynorsk. 

Powered by Labrador CMS