Dronning Sonja kjem for å opne Fakultetet for kunst, musikk og design i dag, og den offisielle opninga skjer i Universitetsaulaen. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

Her kan du sjå dronninga

Publisert

Dronning Sonja skal opne Fakultetet for kunst, musikk og design i dag. Sjå korleis du kan få med deg festen!

Det blir ei storslått markeringa av at Kunst- og designhøgskolen i Bergen og Griegakademiet blir slått saman til Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen i dag:

Formell opning i Universitetsaulaen frå 1400 til 1500, og deretter mottaking i Grieghallen. Frå 1600 til 1730 blir det festførestilling med smakebitar frå det nye fakultetet. Og slik kan du få med deg mest muleg av programmet:

  • Den offisielle opninga skjer i aulaen frå 1400 til 1500. Her er det berre inviterte som får plass, og arrangementet er fullt. Men det blir strøymt, og du kan sjå det i vinduet under. Dronninga er berre tilstade på denne delen av arrangementet, og om du vil ha eit glimt av ho, må du vere utanfor rundt kl. 1400 eller 1500.
  • Festen held fram i Peer Gynt-salen i Grieghallen frå 1500 og utover. Her kan tilsette og studentar ved UiB komme.
  • Det blir fingermat før festførestillinga, som byrjar kl. 1600. Etter førestillinga blir det meir mat og drikke, samt overraskingar utover kvelden. 

 

Powered by Labrador CMS