Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet arrangerte seminar der dei òg drøfta den faglege bemanningsplanen. Ein slik praksis er ulovleg, seier jussprofessor Jan Fridthjof Bernt. – All sakshandsaming i fakultetsstyret skal skje i formelt møte, seier han.
Revidera eller ikkje revidera? Finna nye kriterium eller ikkje? Det er spørsmål som tydelegvis vert diskutert ved Det humanistiske fakultetet for tida. Fakultetet sin noverande bemanningplan gjeld for åra 2013-15. I sakspapira til fakultetsstyremøtet tysdag, er framlegget at styret vedtek at planen skal reviderast til hausten.
Dette skjer etter at bemanningplanen uventa kom opp då fakultetsstyret hadde ekstraordinært møte 3. mars. Etter å ha handsama saka om eventuell fusjon med HiB, vart møtet lukka. Det gjekk då, ifølgje dekan Margareth Hagen, over til å verta eit seminar der ein skulle diskutera strategi.
Hagen skriv i ein e-post til På Høyden at openheit er eit viktig prinsipp som fakultetet ønskjer å etterleva. Samstundes har styret innimellom behov for å snakk saman og diskutera saker utan at pressa er til stades.
– I dette tilfellet var fakultetsstyret invitert til eit seminar for å diskutera eit svært førebels utkast til strategi for fakultetet, og dette seminaret var difor lukka. Men me måtte innkalla til fakultetsstyret til eit ekstraordinært møte i forkant av seminaret for å handsama ei hastesak: Om fakultetet ønska ei utgreiing av fusjon med HiB. Denne saka vart diskutert og vedteken i ope møte.
– Overraska
På Høyden veit at fleire av styremedlemmene vart svært overraska då bemanningsplanen plutseleg dukka opp som sak i det lukka møtet eller seminaret. Fakultetsstyret fekk utdelt eit brev, som fakultetsleiinga ville senda ut.
Onsdag førre veke ba På Høyden om innsyn i brevet, og fekk avslag. Avslaget vart grunngitt med at dette ikkje var eit dokument, fordi brevet var eit utkast. Måndag føremiddag fekk redaksjonen likevel brevet. Der står det, som På Høyden tidlegare har fått stadfesta frå fleire kjelder, at ein ville setja ned ei arbeidsgruppe som skulle sjå på kriteria for kor mange vitskapeleg tilsette dei ulike faga skal ha. I brevet heiter det at «Viktige fagpolitiske spørsmål i årene fremover når det gjelder prioritering av faglige stillinger er bl.a.
· Hvilke kriterier som skal vektlegges ved vurdering av stillingsressurser fremover (forskningsaktivitet/kvalitet, rekruttering og studiepoengproduksjon mm)
· Faggrenser og behov for tverrfaglighet og fleksibilitet
· Faglig bredde og minimumsbemanning for fagene»
Hagen seier at brevet vart sendt fakultetsstyremedlemmene dagen før strategiseminaret.
– Uheldig
Styret sa blankt nei til å senda ut brevet.
– Det er fakultetsstyret som skal avgjera saker. Det ligg stor makt i kva saker som vert lagt fram for styret, det er sjeldan slik at me ber om saker sjølve, seier Jill Walker Rettberg.
Ho er professor i digital kultur, og representerer Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE).
– Det var litt uheldig at saka kom opp i lukka seminar og ikkje på fakultetsstyremøtet. Dekanatet må forstå når noko er politisk og strategisk viktig, seier Christhard Hoffmann.
Han er professor i historie og representerer Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.
Formelle møte
Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt seier at all sakshandsaming i fakultetsstyret skal skal i formelt møte.
I Universitets- og høgskulelova er det slått fast som alminneleg regel at «styringsorganer, styrer og utvalg treffer sine vedtak i møte», og at «møter i styringsorganer, styrer eller utvalg holdes for åpne dører». For at eit møte eller ei sak skal kunne verta handsama bak lukka dører, må det fattast særskilt vedtak om det.
– Det gjeld òg innleiande eller førebelse drøftingar av saker som seinare skal verta handsama av fakultetsstyret. Her er reglane om formell møteinnkalling, formelle vedtak om eventuell lukking og protokollering, noko ein ikkje kan vika frå, seier Bernt.
Sivilombodsmannen er tydeleg
Sivilombodsmannen har ved fleire høve slått hardt ned på kommunar som har samla politikarane i kommunestyre, formannskap eller utval til seminar. Seinast i januar i år uttalte ombodsmannen seg om ein kommune som hadde arbeidsmøte om kommunereforma. Sivilombodsmannen skriv at «temaet for møtet var utvilsomt av stor allmenn interesse og i kjernen av det kommunens folkevalgte arbeider med. De folkevalgtes synspunkt og innspill i slike saker har interesse for offentligheten, og de vil kunne få betydning for den videre politiske behandlingen av kommunereformen».
Ombodsmannen har kome til at dette er å rekna som eit møte, og skulle vore ope. Det same har han gjentatte gonger sagt når kommunar har arrangert ei eller anna form for seminar i samband med handsaminga av kommunen sitt budsjett. I ei sak frå 2014 skriv ombodsmannen at «i tråd med det jeg tidligere har sagt om denne typen møter, mener jeg det er mest naturlig å anse orienteringer for folkevalgte om forhold som ligger under dets arbeidsområde, og som de folkevalgte senere skal ta stilling til, som saksbehandling».
– Eg vil anta at sivilombodsmannen vil meina det same om denne forma for «seminarisme» ved UiB, seier Bernt.
Han er tydeleg på at fakultetsstyret hadde eit møte, og understrekar at verken direktør eller dekan kan avgjera at eit møte skal vera lukka.
Må invitera langt fleire
Bernt seier at bruken av seminarform som ledd i førebuande sakshandsaming, så vidt han forstår, er ganske vanleg på alle nivå.
Universitetesstyret hadde i 2013 eit lukka seminar i Uppsala. Dei hadde òg styremøte same stad, og har òg fått kritikk for å ha arrangert universitetsstyretmøte på Solstrand – utan at det har vore varsla nokon stad at det var der møtet skulle verta arrangert. Same stad har det òg vorte arrangert lukka leiarkonferanse.
– Så lenge det er snakk om ei samling av deltakarane i eitt av dei kollegiale styringsorgana, er dette etter mi oppfatting klart alvoleg. Dette kan berre gjerast der ein inviterer ein langt vidare krins inn – typisk eit allmøte – til ei opa drøfting av ei sak om prinsipiell interesse. I staden må ein gå vegen om eit formelt lukkingsvedtak dersom ein ønskjer at fakultetsstyret skal kunne ha ei førebels drøfting av ei sak bak lukka dører, seier Bernt.
Dokument eller ikkje?
I brevet, som er svar på På Høyden sin klage, heiter det at «når det gjelder klage på avslag om innsyn i utkastet til brev, så mener fakultetsledelsen prinsipielt at dette utkastet ikke er et dokument i lovens forstand fordi det ikke er ferdigstilt, jf § 4 i Lov om offentlighet i forvaltningen 'Eit dokument er oppretta når det er sendt ut av organet. Dersom dette ikkje skjer, skal dokumentet reknast som oppretta når det er ferdigstilt'. Vi mener det må være anledning for fakultetsledelsen å diskutere med styret på et seminar hvordan prosessen frem mot et vedtak skal være. Brevet til instituttene vil ferdigstilles og sendes etter fakultetsstyremøtet 24. mars. Samtidig er det ingen ting i brevutkastet som er unntatt offentlighet og vi velger derfor likevel å gi innsyn i dette, men presiserer at dette er et uferdig brev som ikke er sendt adressatene».
Bernt seier at brevet misser sin interne karakter når ein deler det ut til fakultetsstyret sine medlemmer, anten det skjer i eit møte eller på ein annan måte. Han er òg tydeleg på at det var eit møte som vart avvikla i kjellaren på Muséplass.
– Når dekan og fakultetsstyret møter kvarandre for å diskutera saker, er dette etter mi meining alltid eit møte i lovas forstand, òg der det er tale om innleiiande drøftingar av meir overordna strategisk karakter.
Fin mellomtittel
Når det gjeld innhaldet i saka, skal det diskuterast på fakultetsstyremøte tysdag.
I saksutgreiinga heiter det at den økonomiske situasjonen er slik at ein i avgrensa grad kan erstatta vitskapelege stillingar ved avgang, og at ein òg må redusera talet på administrative stillingar. Det vert òg vist til fleire pågåande prosessar som kan få noko å seia for fakultetet framover, både når det gjeld fagleg verksemd, storleik og økonomi.
«Fakultetsledelsen mener at dagens bemanningsplan har fungert etter intensjonene og at det nå er fornuftig å videreføre bemanningsplanen med de samme kriterier som tidligere og heller revidere planen i løpet av perioden 2016-2018 dersom rammebetingelsene endres. Fakultetet er i en situasjon der vi sannsynligvis må trekke inn et visst antall faste stillinger de neste årene, og dette bør gjøres etter en plan på en mest mulig rettferdig og strategisk styrt måte.»
– Er det snakk om tilsetjingsstopp?
– Reint generelt kan me seia at det på grunn av fakultetet sin stramme økonomiske situasjon sannsynlegvis vil vera naudsynt å trekkja inn nokre stillingar. Det vil ikkje vera snakk om oppseiingar, men at stillingar eventuelt vert trekt inn ved naturleg avgang, seier Hagen.
Vil sjå på kriteria – men ikkje no
I saka frå 2010, og i oppfølgingsvedtaket frå 2013, er det følgjande kriterium som vert lagt til grunn når ein avgjer kor mange vitskapeleg tilsette eit fag skal ha:
I det lukka møtet skal det ha vorte sagt at det var instituttleiarane som no ville ha saka opp på nytt. Men etter det På Høyden kjenner til, er instituttleiarane ikkje heilt samde om dette. På Høyden har òg snakka med andre styremedlemmer som meiner det er ein svært dårleg ide å ta oppatt kampen om kriteria no. Dei viser til korleis det var tidlegare, då var det mange drakampar om stillingar, og meiner at det har gått for kort tid sidan kriteria vart innført i 2010.
– På lengre sikt bør ein nok tenkja nytt. No er alle samde om at studiepoengproduksjon er relevant. Men skal det vera nokre andre kriterium i tillegg? Ein har sagt at alle fag skal ha tre vitskapeleg tilsette, men korleis definerer ein fag? Kan romanske språk til dømes vera eitt fag? Og så seier ein noko om kva fag som er viktige. Alle er samde om at tysk er for høgt dimensjonert, men samstundes ønskjer ein eit sterkt tyskmiljø, illustrerer Reidar Lie, instituttleiar ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.
– Hovudproblemet no er at fakultetet har fått ei mindre grunnløyving frå UiB sentralt. Me har vore gjennom nokre gode år, og det viser seg no at me i det førre styret gjorde noko lurt. Då fakultetet gjekk med overskot for eit par år sidan, valte me å tilsetja i postdok-stillingar og ikkje faste stillingar. Desse stillingane kan trekkjast inn når perioden er over, seier Jan Heiret.
Han er professor i historie, instituttleiar ved AHKR, og sat i fakultetsstyret i førre periode.
Også Heiret seier at ein nok bør sjå på kriteria bemanningsplanen byggjer på, men meiner at det ikkje er rett tidspunkt å gjera det på.
– No er det mykje usikkerheit. Eg meiner at før me kan vedta noko, må me mellom anna vita korleis den framtidige finansieringsmodellen for sektoren vil sjå ut. Me må òg venta til me veit om Griegakademiet vert verande ved UiB, eller om dei vil fusjonera med kunsthøgskulen, seier Heiret.
– Ville vorte lang og krevjande prosess
– Nokre av instuttleiarane ga uttrykk for at dei ønska ein gjennomgang av kritera før forslag til ny plan vart lagt fram for styret, skriv Hagen i ein e-post til På Høyden.
Ho seier at instituttleiarane er dekanen si næraste leiargruppe, og at det difor er naturleg at ho brukar dei som sitt rådgivande forum. Saman med leiargruppa diskuterte ho om ein burde setja ned ei arbeidsgruppe som får i oppgåve å vurdera kva kriterium som skal leggast til grunn ved vurdering av stillingsresursar på lengre sikt, òg for å sikra tverrfaglegheit og fleksibilitet, og at kritera i den noverande bemanningsplanen vert lagt til grunn i budsjettet for 2016.
– Eg har ikkje grunnlag for å seia at det er misnøye spesifikt med nokon av kriteria. Det er likevel klart at kriteria som bemanningsplanen baserer seg på ikkje er hamra i stein – dette er jo ein viktig strategisk reiskap, seier Hagen.
Hagen meiner at ein full gjennomgang av kriteria ville vera ein lang og krevjande prosess, og at det i ei tid der det pågår mange prosessar som kan påverka HF sin økonomi, prioriteringar og struktur, er viktig at fagmiljøa har ein føreseieleg situasjon. Difor meiner ho det er fornuftig å få ein oppdatert gjennomgang av bemanninga i tråd med gjeldande kriterium.