Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Den balsamerte prestedattera Teshemmin har fått sin siste kvilestad på Universitetsmuseet i Bergen. Men no må antropolog Frode Storaas endre historia som fortel korleis ho kom hit.
– Eg er ikkje i tvil om at det var Gerhard Stub som sendte mumien til Bergen, og ikkje den svensk-norske konsulen Anastasi. Eg synest det er leit at det står feil opplysning på museumsveggen, seier Tor Eigil Røssaak. Røssaak er svært historieinteressert, og har gått gjennom arkiva til Universitetsmuseet i Bergen. Her kom han over opplysningar om korleis det gjekk til då kista med mumien Teshemmin kom til Bergen. Fann brev i gamalt arkiv Dette er feil, meiner Tor Eigil Røssaak. I eit lesarinnlegg til På Høyden hevdar han at Universitetsmuseet feilinformerer publikum. – Eg var på jakt etter opplysningar om målaren J.C. Dahl, og gjekk gjennom arkiv over brev som har kome til Universitetsmuseet i Bergen, eller Bergen Musem som det då heitte. Eg var observant på brev sendt frå Gerhard Stub, ettersom eg visste at han hadde funne måleri som han hadde sendt til Bergen. Frå brevet eg fann går det også fram at han sendte ein mumie, seier Røssaak til På Høyden. Brevet Tor Eigil Røssaak har funne er signert Gerhard Stub, og datert Livorno i Italia, 3. mai 1827. Han skriv at han sender tre kassar med gåver til museet. Ein av dei tre kassane inneheld «en egyptisk Mumie». «En ægyptisk Mumie» – Dette har Røssaak rett i. Han har gjort en del nyttige granskingar, seier egyptolog Pål Steiner til På Høyden. Pål Steiner meiner at det er truleg at den norsk-svenske konsulen Anastasi som har har selt eller verifisert mumien. – At vi kan ha folk som forskar ut frå eiga interesse er kjekt, og ein stor ressurs for oss, seier antroplog Frode Storaas. Stor interesse for utstillinga Frode Storaas fortel at det mot midten av 1800-talet var mange mumiar for sal på marknadar i Europa. Forretningsmannen Anastasi var sterkt involvert i handelen med oldtids funn frå Egypt. Han fekk sendt skattar til den svensk-norske kongen Oscar som igjen delte dei på museum i Sverige og Noreg. –Anastasi budde i periodar i Italia, men om han hadde kontakt med bergensaren Gerhard Stub, veit vi ikkje. Stub har mest truleg kome over mumien Teshemmin på ein marknad i Italia, fortel Storaas. – Han var tidleg ute i 1828, for boomen med funn frå Egypt kom først i tiåra etterpå. Etterkvart var det så mange mumiar av menneske og dyr i omsetning at mange av dei enda i fyren på damplokomotiv. Tannpine og beinbrudd Nokre av dei daude hadde med seg fleire skattar, og kistene var rikt dekorerte. Prestedattera Teshemmin var ein av dei. I 2009 vart ho frakta til CT-scanning på Haukeland, slik at forskarane kunne finne ut meir om henne. «Mumie av eldre, krokrygget kvinne med lav bentetthet, en gjenværende tann i overkjeven, noe eldre, sannsynlig smertefullt brudd i venstre skinneben, og slitasjeforandringer i høyre kne. Noe åreforkalkning», konkluderte radiologen Per Kristoffersen i sin rapport. Kven tok maska? Han fortel at Teshemmin hadde store skader i ansiktet. Dette kunne dei sjå då dei opna kista ho låg i. – Vi trudde først at ho hadde vore gnaga på av rotter. Men vi veit no at ho vart gravlagd med ei maske, kanskje av gull eller noko anna verdifullt. Kista har vore plyndra, og denne har blitt rive av ansiktet hennar, fortel Frode Storaas. – Tabbe – Men det var ein tabbe at vi har skrive dette på veggen. – Skal de gjere noko med det? – Vi må jo det. Dette må korrigerast.
På veggen utanfor utstillinga «Evig liv - skattar frå det gamle Egypt» står dette om Teshemmin: «I 1828 tok Bergen imot mumien som var sendt av Anastasi, den svensknorske konsulen i Egypt. Resten av egyptsamlinga kom i tiåra fram til 1903.»
Museet skreiv kvitteringar for gåver dei tok i mot. Listene over gåver vart offentleggjort i Bergens Adresse-Contoirs Efterretninger fleire gonger i året. Onsdag 30. januar 1828 har Tor Eigil Røssaak funne at avisa trykker at følgjande gåve er gitt frå Gerhard Stub: «En ægyptisk Mumie, udmærket zirlig og meget vel conserveret».
Oldtidas Egypt engasjerer, det ser vi ut frå den store interessa det er for utstillinga vår, seier antropolog Frode Storaas ved Universitetsmuseet i Bergen.
Både menneske og dyr vart balsamerte – og ikkje berre dei mest velståande. Nokre av kistene inneheldt balsamerte lik av velståande personar. På Bergen Universitetsmuseum finnast også mumiar av ein namnlaus mann, ein krokodille og ein katt.
– Kista hennar er rikt dekorert med bilete og tekst, som fortel om foreldra hennar. Då vi løfta henne ut til skanninga, oppdaga vi teikningar inne i kista. Slike nye funn, er spesielt spennande for egyptologane.
– Egyptarane i Oldtida var opptekne av evig liv. Slik utstillinga «Evig liv» på Universitetsmuseet i Bergen engasjerer forskarar på universitetet og blant publikum, kan vi med rette hevda at egyptsamlinga vår lever, seier Frode Storaas.