Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det byrja med prosjektering av ein gang- og sykkelveg. No har arkeologar frå UiB funne eit festlokale frå vikingtida.
Eit hus på ni gonger 22 meter, som truleg var ein gildehall – eit hus der høvdingen heldt til. Det er det største funnet arkeologar frå UiB nyleg har funne på Vie i Førde. Det er avisa Firda som fortel om kva forskar Asle Bruen Olsen og kollegane hans har funne. – Slike hus frå denne tida er det funne svært få av, om nokon i det heile tatt, seier Olsen, som er forskar ved Universitetsmuseet, til avisa. Fann kjøken No har forskarane frå UiB funne både ei hustuft som kan vera frå ca 200 e.Kr, festlokalet og eit tilhøyrande «storkjøken». – Ti meter frå hjørnet av det store huset har me funne fleire stor, steinsette kokegroper. I desse brukte ein å fyra bål, og så dekka med stein som vart glødande varme. Ein la oppå kjøtstykke innpakka i blad eller never, før ein dekka med torv. Det vart som ein slags steikeomn, seier Olsen til Firda. Han seier at gropene er store nok til at ein kunne steika heile dyr der. Det tyder på at det kan ha vore laga mat til store festar. Kan ha bygd hall og kyrkje Olsen seier til Firda at han trur at det har budd ein høvding på Vie. Han seier at etter andre funn i området å dømma er hallen knytt til den eldste og største historiske garden i Førde. Ikkje langt frå hallen veit ein at det stod ei kyrkje i mellomalderen. – Kyrkja var eit kapell, og me veit at dei tidlegaste kyrkjene vart bygde som kapell av stormenn eller høvdingar i nærleiken av gardane deira. Det var eit maktsymbol, på same måten som gildehallen. Ein skal ikkje sjå vekk frå at den som bygde den første kyrkja var den høvdingætta som bygde og brukte gildehallen, seier Olsen.
Det var i samband med prosjekteringa av ein ny gang- og sykkelveg at fylkeskommunen si kulturminneavdeling gjennomførte ein del forundersøkingar. Dei fann då fleire område som burde undersøkjast nærare.
Ein gildehall eller mjødhall var ein bygning, oftast eit langhus, med eitt rom. Her budde ein konge eller ein høvding og hans folk.