Fann resistent gen i lakselus

UiB-forskarar har klart å identifisere gena som gjer lakselusa resistent. Det vil gjere det langt lettare å få kontroll på lusa, som i tillegg til å øydelegge for oppdrettsnæringa er eit stort problem for dei ville laksestammane.

Gjennombrotet kom etter intensiv forsking ved Lakselussenteret, Sea Lice Research Centre (SLRC) ved UiB, i samarbeid med Norges veterinærhøgskole og selskapet PatoGen Analyse AS. SLRC er det einaste senteret for forskingsdrive innovasjon ved UiB.

– Vi har identifisert resistensmekanismen for to ulike legemiddel. Det betyr at vi kan bruke heilt nye metodar for å påvise resistens i oppdrettsnæringa. Det igjen gjer det muleg å bruke rett legemiddel til rett tid. Det vil spare miljøet for stor bruk av kjemikalier, og oppdrettarane for pengar, fortel professor Frank Nilsen

Kan medisinere riktig
Hittil har det ikkje vore muleg å avgjere om lakselusa er resistent mot to av dei vanlegaste legemidla, noko som har gjort det naudsynt å medisinere fleire gonger.

Det finst 21 senter for forskingsdrive innovasjon i landet, men berre eit ved UiB. Ved utviklinga av dette prosjektet har Bergen teknologioverføring (BTO) stått for forretningsutvikling og kommersialisering på vegne av UiB.

Det er selskapet PatoGen Analyse AS som skal utvikle og marknadsføre testar av lakselus, for å hjelpe oppdrettarane til å medisinere riktig.

Får lengre liv
– Vi har god dokumentasjon på at vi har identifisert og patentert dei riktige genetiske markørane for resistens mot dei to sentrale gruppene av avlusingsmiddel. Analysene har vore gjenstand for validering og feltutprøving, seier Vidar Aspehaug, som er med-gründar og forretningsutviklar i  PatoGen Analyse AS.

– Vi er veldig nøgde med dette gjennombrotet, som har kome i løpet av berre to år etter at lakselussenteret blei oppretta, fortel Nilsen.

Det er fire akademiske og fem industrielle partnerar ved senteret, og det er avtalt på førehand at dei industrielle skal få utvikle ulike delar av funna som blir gjorde. Dei bidreg og med finansiering av forskinga.

– Dei nye testane vil føre til at legemidla som allereie er i bruk kan leve lenger før lusa blir resistent mot dei, seier Nilsen.

 

Lakselus i ulike stadier, tatt på villaks i Bolstadfjorden. Foto: Dag Hellesund

Powered by Labrador CMS