Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Oppdrettstorsk har lenge vore plaga av yngeldød og sjukdom. No har UiB-forskarar funne at torsken har vore smitta av ein nær slektning av eit biologisk våpen: Harepest.
Mange av mikrobane som gir sjukdom hos torsk er godt kjende, men eit utbrot av bakterieinfeksjon på Vestlandet våren 2004 var uvanleg hissig. – Fleire fiskar vart sjuke og døydde ei tid etter at dei hadde kome i kontakt med smitte, forklarer professor Are Nylund ved Biologisk institutt. Han har patentert den nye bakterien – som slett ikkje var enkel å artsfeste. – Ein av grunnane til at vi fann han, var at vi visste korleis vi skulle dyrke han, seier forskar Karl F. Ottem, som har jobba nært med Nylund undervegs i prosessen. Bakterien, som har herja oppdrettstorsken i ei årrekkje, er nemleg både smittsam, litt kresen, og vanskeleg å få auge på. Analyserte genane Til slutt vart ein oppdrettar i Rogaland lei forvirringa og gjekk utanom dei vanlege kanalane: Han sende prøver frå sjuk fisk direkte til forskarar ved Universitetet i Bergen. Men dei sleit òg i starten. – Når vi får inn slike prøver, testar vi for alle dei kjende mikrobane. Problemet var at dei bakteriane vi klarte å kultivere på vanlege agarplater, ikkje kunne vere årsak til dette utbrotet, seier Nylund. Han gjorde derfor ein PCR-analyse av det genetiske materialet frå prøvene, og vart overraska då han samanlikna resultata med kjende bakteriestammer. Biologisk våpen – Det hadde vi ikkje venta. Vi mistenkte at det var ein mycobakterie på ferde. Men då eg forstod det var Francisella, måtte eg handle raskt, for dette var ikkje noko å leike med. Eg ringde straks til oppdrettaren og åtvara han, fortel Nylund. Årsaka til åtvaringa var enkel: Den mest vidgjetne representanten for Francisella-slekta er F. tularensis, som er ansvarleg for harepest. Spesielt den amerikanske varianten av harepesten smittar lett frå dyr til menneske, og har òg vorte utvikla som biologisk våpen. Heldigvis kunne Nylund snart etter roe både seg sjølv og oppdrettaren – arten var nemleg ikkje mogleg å dyrke i vanleg kroppstemperatur – berre ved 6 – 20 grader. Vaksine undervegs – Dette kan ha mykje å seie for torskeoppdrettarar i framtida, seier Ottem. Han arbeider no ved prosjektet som forskar, og kjem til å bruke arbeidet som del av ein framtidig doktorgrad. Om forskarane får utvikla ein vaksine kan det vere eit viktig steg mot å gjere torskeoppdrett meir lønsamt. Sjukdom er ei av dei viktigaste årsakene til problem for næringa. – Oppdaginga av Francisella kan vise seg å vere ein av nøklane til å løyse dette problemet, seier Nylund.
Først trudde nemleg både veterinærmyndigheitene og forskarane at dei hadde støytt på ein infeksjon frå ei meir alminneleg fiskebakterieslekt, atypisk aeronomas. Rett nok ein spesielt aggressiv variant – fiskane hadde unormalt mange og store granulom på fleire indre organ. Granulom vert danna når dei kvite blodlekamane kapslar inn bakteriar. Forskarar og veterinærar tok prøver av granuloma, men vart ikkje klokare.
– Bakterien såg ut til å vere ei nær slektning av Francisella philomiragia, forklarer Nylund. Francisella-familien er kresne på vekstmedium og særs vanskelege å dyrke på vanlege agar-plater. Då han dyrka bakteriekulturen på spesielle plater tilpassa Francisella-bakteriar, fekk han stadfesta mistanken sin: Dette var ein ny art i slekta.
Snart kjem også kanskje fleire gode nyhende til torskeoppdrettarane: Nylund og forskarkollegene er ikkje langt unna å utvikle ein vaksine mot sjukdomen, hevdar dei sjølve.