Fann unike gravrøyser i hamneområde

Publisert

Arkeologar frå Bergen Museum har funne to storslåtte gravrøyser i Haugsbygda på Sunnmøre. Truleg er det personar med høg status som er gravlagde på den omlag 2000 år gamle plassen. Funnet er unikt i nasjonal samanheng og har vakt stort engasjement i lokalmiljøet.

– Å få vere med å opne ei uforstyrra grav er det alle arkeologar drøymer om. Desse gravrøysene er utruleg storslåtte og flotte og har aldri tidligare vore registrert, seier Asle Bruen Olsen ved Bergen Museum.

Han er leiar for utgravinga ved Haugsbygda hamn. Området er frigjeve og det er planar om utbygging på landsida. Arkeologane visste at det var ei steinpakning her, men vart overraska då dei etter få dagar avdekka dei storslagne gravrøysene under stein og mold. Anlegga er truleg frå romertida (0-400 e. Kr). Ringmuren på den største er på heile 17 meter i diameter.

– Etter storleiken å døme er det personar med svært høg status som er gravlagde her, seier Bruen Olsen, som reknar med at gravrøysa inneheld fleire graver .

Ein teori er at det er ein høvding og kona hans som ligg her, men det kan ikkje Bruen Olsen stadfeste.

– Den eine røysa er opna og vi har allereie avdekka to branngraver som kan knyttast til ein kremeringsskikk. Her har vi funne brende beinrester og spor etter gravgods, førebels i form av ein beinkam. Vi veit for lite enno til å seie noko om kva slags personar som ligg i gravene, men i neste veke håpar vi å ha fleire svar. Vi er heilt sikre på at vi vil avdekke meir.

Arkeologane må jobbe på spreng, for arbeidet skal etter planen vere avslutta neste helg. Derfor nyttar dei mellom anna gravemaskin i arbeidet.

– Vi kunne sjølvsagt ønskje at vi hadde hatt betre tid. Det er med litt blanda kjensler vi opnar gravrøysene på denne måten. I utgangspunktet hadde det vore best om desse kunne bli ein integrert del av eit kulturlandskap. Men det er opp til kommunen å avgjere om dei skal bli restaurerte og i varetatt for fremtida, seier Bruen Olsen og legg til at funnet gir verdfull kunnskap, ikkje minst om gravskikkar og dødsritual.

I pinsehelga valfarta privatpersonar til funnstaden. Arkeologen frå Bergen Museum merkar ei enorm interesse for fortida og eige landskap.

– Dersom røysene blir restaurerte kan dei brukast både i pedagogisk samanheng og som ein turistattraksjon, meiner Bruen Olsen.

Powered by Labrador CMS