Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ein stor del av diplomsamlinga til Universitetsbiblioteket (UBB) kjem på nett i 2006. Forskingsrådet har gitt ei ekstra løyving slik at den verdfulle kjelda til norsk historie vert gjort tilgjengeleg for alle interesserte.
Noregs forskingsråd fordelte nyleg sju millionar kroner som var øyremerka infrastrukturprosjekter for humanistisk forsking. HF-fakulteteta hadde vore invitert til å sende inn søknader og fire prosjekt vart valt ut. UiB er representert ved to av dei. Universitetsbiblioteket har ei større samling av diplom, som er nemninga på eldre rettslege dokument - omlag 1200 i alt. Det eldste er skrive på Aga i Hardanger i 1293. Av samlinga er ca. 300 diplom eldre enn år 1600. Resten er kontraktar, skøyte og skiftedokument frå 1600- og 1700-tallet. Stadnamnsamlinga ved Nordisk institutt, UiB, og Seksjon for namnegransking, Institutt for Nordistikk og litteraturvitenskap, UiO, har fått 1,6 millionar kroner til å byggje opp ein felles database over norske stadnamn, helst smånamn. I første omgang skal namnesetlane,i alt omlag 600 000, skannast, og deretter leggjast inn i ein felles database. Tanken er at heile namnematerialet ved samlingane i Bergen og Oslo skal gjerast tilgjengelig på nettet.
Samarbeid med Aksis og Historisk institutt
Det har lenge vore eit mål for spesialsamlinga ved UBB å leggje den omfattande diplomsamlinga til universitetet ut på Internett. Med dei midlane som Noregs forskingsråd no har fordelt, får dei fart i det elektroniske utviklingsarbeidet. Prosjektet skal halde fram i to år.
- Vi har ein stor jobb framfor oss, og i første rekkje vil vi prioritere diploma frå perioden1570-1660, fordi vi her finn mykje upublisert materiale. Bidraget frå Forskingsrådet gjer det mogleg å sette av personalressursar på UB i tillegg til eit årsverk ved AKSIS til programmering, og dessutan assistenthjelp, seier fagleg leiar for spesialsamlinga ved UBB, Rune Kyrkjebø.
Universitetsbiblioteket samarbeider både med AKSIS og Historisk institutt, og det såkalla MENOTA-prosjektet (Medieval Nordic Text Archive). Det sistnemnde prosjektet skal utvikle og tilpasse ein kodingsstandard for elektroniske mellomaldertekstar, og byggje opp rammene for ein ordbank og arbeide med tekstmateriale frå Heimskringla.
Lagar database over norske stadnamn
- I Bergen har vi allereie gjort ein god del slikt arbeid dei siste tre-fire åra, seier førsteamanuensis Ole-Jørgen Johannessen ved Stadnamnsamlinga.
- Vi har skrive inn rundt 175 000 namn hittil, og vi reknar med å få omlag 50 000 nye namn lagt inn til årsskiftet. Seinare skal namnelister og namnekart skannast og leggjast ut, men det må komme i neste omgang.