Får pris for kvalitet i alle ledd

Lasse Engesæter får i dag Søren Falchs pris for framifrå forskingsleiing, og for å ha vore ein miljøbyggar over mange år. Engesæter har vore hovuddrivkraft bak Nasjonalt register for leddproteser, som har gjort kvardagen betre for hundretusenvis av menneske.

– For denne prisen ser vi på forskingsleiing og miljøbygging, i staden for å telje publikasjonar, og den går til forskarar som har vore gode på det i mange år. Lasse Engesæter er ein av dei. Prisen kan delast ut kvart år, men det er sjeldan det skjer, for her er det viktig å finne den rette personen, seier dekan Nina Langeland ved Det medisinsk-odontologiske fakultet til På Høyden.  

Søren Falch og øienlæge Sigurd Falchs pris for fremragende lederskap innen medisinsk vitenskap er på 250 000 kroner, eit diplom, blomar og sjølvsagt mykje ære. Prisen blei delt ut i dag på rektors kontor.

Ikkje aleine
– Det er kjekt å bli sett pris på, sjølv om eg var litt overraska då eg fekk vite om tildelinga, seier professor Lasse Engesæter.

Han set pris på at tildelinga gjeld leiing og det å skape eit godt miljø for forsking.

– Det er slutt på den tida då ein enkelt forskar kunne sitje aleine i tre år og tenkje ut noko. No er det grupper og samarbeid som tel, seier Engesæter.

Registerstudiar
Han trur tildelarane særleg har sett på innsatsen hans med Nasjonalt register for leddproteser. Kunstige hofter, ankelledd, skulderledd og andre ledd: Alt blir registrert i registeret på Haukeland. Tidlegare overlege Einar Sudmann på Kysthospitalet i Hagavik hadde ideen, men Engesæter sette det ut i livet på Haukeland.

– Kvifor starta vi eit register? Det var fordi vi ville gi best muleg behandling til pasientane våre. Kan dei bruke protesane sine litt lenger blir det betre for pasientane våre.

Bakgrunnen var ein studie frå Hagavik i 1983 som viste at ein norskutvikla protese var mykje dårlegare enn ein britisk modell.

Eksport til Hellas
– For å få betre kvalitet må vi registrere kva vi gjer i dag, og då må vi kunne dokumentere at det er betre enn det vi gjorde før. No har vi totalt 300 000 operasjonar i vårt register, og vi har og hoftebrot registrert. Vi sparer pasientar for lidingar, og samfunnet for mykje pengar, seier Engesæter.

Prisvinnaren står heilt fritt til å disponere prispengane. Men han har ikkje tenkt å bruke dei på seg sjølv.

– Eg har ein sykkel eg kan bruke til jobb, og treng ikkje meir pengar. Men eg har blitt bede om å hjelpe Hellas med å opprette eit tilsvarande register, og no kan eg betale reisene dit. Grekarane har nemleg ikkje råd. Eg er så gammal at eg føler eg må stimulere dei unge litt når dei er i ferd med å komme i gang med forskinga, så der kan eg og bruke litt pengar, seier den 64 år gamle prisvinnaren.

 

Powered by Labrador CMS