Her i Fossvinckels gate, like ved Realfagsbygget og det framtidige Entekbygget kan det bli svært sentrale bustader for 70 studentar.

Får studentbustader ved Realfagsbygget

Publisert

SiB får løyvd pengar til å byggje 140 nye studentbustader. Halvparten av dei kjem mellom Realfagsbygget og det planlagde Entek-bygget.

Det er stortingsrepresentant Erik Skutle (H) som kjem med opplysningane i ein lekkasje til Bergensavisen i dag.

– Studentsamskipnaden får ikkje alt dei har bede om, men Kunnskapsdepartementet tildeler 42 millionar kroner til bygging av 140 bustader, seier Skutle til BA.

Pengane er ein del av ei løyving på 359 millionar kroner som skal gå til bygging av 1300 studentbustader i heile landet.

Ei av tomtene pengane skal brukast på ligg i Fosswinckels gate, ved sørenden av Realfagsbygget.

– Tomten er delt mellom UiB og kommunen, og reguleringsplanen må endrast. Slik vi ser det no er det ikkje plass til meir enn 70 einingar på tomten, men eg reknar med at vi kan bruke pengane til eit av våre andre prosjekt, seier administrerande direktør i SiB, Per Kristian Knutsen, til avisa.

SiB har i dag 4396 studentbustader. Ei tomt i Jekteviken skal etter planen få 50-60 familiebustader. Det er og aktuelt å byggje i Fjøsangerveien, og å byggje ut eit nytt trinn av Grønneviksøren.

Powered by Labrador CMS