Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
–Hovedregelen er at ein skal tilsetjast i fast stilling, seier Arbeidstilsynet. Tilsynet får årlege fleire saker der mellombelse stillingar er tema.
– Regelen er at ein skal tilsetjast i fast stilling. Dersom ein skal tilsetjast i ein mellombels stilling, må det ligga spesielle reglar til grunn. Det seier Anders Ellefsen, som er jurist og rådgivar hos Arbeidstilsynet. Arbeidet skal vera annleis Ellefsen kjenner ikkje den konkrete saka. Men han viser til paragraf 14.9 i Arbeidsmiljøloven. Der heiter det at arbeidstakar skal tilsetjast fast. Ein kan inngå avtale om mellombels tilsetjing dersom arbeidet er av ein karakter som tilseier det, og arbeidet skil seg frå anna arbeid i verksemda. Vidare kan ein tilsetjast mellombels mellom anna dersom ein er vikar eller har praksis, eller dersom ein deltek på arbeidsmarknadtiltak i regi av NAV. – Det syndast mot dette rundt omkring, men eg kan ikkje seia om akademia er verre enn andre, seier Ellefsen. Fireårsregelen – Men dersom forholda er slik at vilkåra for å ha nokon mellombels tilsett er vekke før det er gått fire år, er det ikkje slik at ein treng å venta fire år, understrekar Ellefsen. Han seier at Arbeidstilsynet får ti-tolv saker i året der tema er fireårsregelen. – Dersom arbeidsgivar nektar å tilsetja vedkomande i fast stilling, må ein prøva saka for domsstolen, seier Ellefsen. Han seier at den tilsette sjølv kan gå til sjefen og krevja fast stilling. Manuellterapeut Jostein Ellingsen varslar sak mot UiB, etter at han har undervist i ei 20 prosents stilling i manuellterapi sia 2001. No er jobben hans utlyst. Foto: Privat
På Høyden har tidlegare skrive om manuellterapeut Jostein Ellingsen, som har varsla søksmål mot UiB. Bakgrunnen er at Ellingsen meiner at han har vore tilsett så lenge at når det no er lyst ut to fireårige stillingar knytta til manuellterapistudiet, har han krav på den eine.
I 2005 vart den såkalla fireårsregelen innført i Arbeidsmiljøloven. Der heiter det at ein arbeidstakar som har vore tilsett i mellombels stilling samanhengande i meir enn fire år, skal verta sett på som fast tilsett. Dette gjeld tilsette som har vore vikar eller som har hatt arbeid av ein slik karakter at det tilseier at stillingen skulle vera mellombels.