Far til Dolly: Trur på kur mot degenerativ sjukdom

– Smittsame sjukdommar har vi fått kontroll over i løpet av dei siste hundre åra, men vi har liten kontroll over degenerativ sjukdom. Men vi kan håpe på å få ein tilsvarande kontroll på desse i framtida, seier Ian Wilmut, «far» til den klona sauen Dolly.

Han gjesta nyleg UiB, og heldt ei førelesing ved Institutt for biomedisin. Han trur løysinga på mange degenerative sjukdommar, som diabetes, multippel sklerose, alzheimers og ALS blir å finne i gen- og stamcelleforsking.

– Men å få det til vil truleg ta femti år eller meir. Det finst hundrevis av dei, og det tek mange år å utvikle medisinar mot slike sjukdomar, legg Wilmut til.

– Nesten klona
Historia om Dolly og den mulege løysinga på ei rekke sjukdommar startar i England, der Wilmut vaks opp. Han gjekk mellom anna på skole i Scarborough med UiB-professor Ian F. Pryme på Institutt for biomedisin.

– Om du ser på bilete av oss saman i skuleuniform, kunne du nesten trudd at vi var klona, fortalde Pryme, før han ga ordet til sin tidlegare klassekamerat.

EVIG LIV: Den klona sauen Dolly blei stoppa ut etter sin daud, og står i dag på det skotske nasjonalmuseet. Foto: Toni Barros

Sau med tre mødrer
Wilmut utdanna seg eigentleg innan jordbruk, men tok doktorgrad i 1971. I 1996 leia han laget av forskarar som for første gong klarte å klone eit pattedyr ved hjelp av DNA henta frå celler frå eit vakse dyr. DNA blei henta ut frå ei celle i brystvevet til ei vaksen søye, sett inn i eit egg frå ei anna søye og bore fram av ei tredje. Dermed hadde Dolly tre mødrer, men ingen far, om ein ser bort frå Wilmut og resten av laget.

DNA-et var henta frå ein kvitfjesa sauerase, mens både egg og surrogatmor var av ein svartfjesa rase. Dermed skjønte forskarane at dei hadde fått det til med ein gong lammet var fødd: Ho hadde kvitt fjes. 

Dolly blei verdas mest kjende sau og fekk mykje presseomtale, før ho døydde i februar 2003 av ein type lungekreft som er vanleg hos sauer. Forskarane bak trur ikkje dødsfallet hadde noko å gjere med at Dolly var klona.

Andre tankar
Det kom fire lærdomar ut av eksperimentet med Dolly, meier Wilmut:

1.  Alle celler har den same DNA.

2. Cellefunksjonen kan bli endra, men berre på ein ineffektiv måte.

3. Genetiske endringar kan gjerast hos dyr, slik at dei kan produsere proteinar for forskingsformål.

4. Biologar har fått endra korleis dei tenker.

– Det viktigaste var nok at Dolly fekk folk til å tenke annleis. I 2006 klarte Shinya Yamanaka å lage pluripotente stamceller frå mus, og året etter klarte dei det same med menneskeleg vev. Han seier at det var Dolly-eksperimentet som fekk han til å tenke, fortel Wilmut.

Yamanaka fekk nobelprisen i medisin saman med John Gurdon.

KLON-DYKE: Ian Wilmut leia forskargruppa bak Dolly. Foto: Dag Hellesund

Må regulerast
Men det var ikkje berre Yamanaka som byrja å tenke då Dolly blei fødd. Sauen var mykje omtalt i media, og var sjølve symbolet på den vitskaplege utviklinga rundt genetikk og stamcelleforsking.

– Mykje av medieomtalen handla om når ein kunne klone menneske. Seinare har folk fått ei større forståing for denne teknologien, fordi dei forstår at han brukast til å motverke sjukdommar som ALS. Genteknologi har både ei framside og ei bakside. Vi må regulere det slik at vi unngår dei uønskte effektane, seier Wilmut.

Han trur løysingane først vil komme for pasientar med ALS og MS.

– Det er så mange forskarar som jobbar med dette feltet, fortel han.

Men forskinga tek lang tid, og sjølv når ein får eit gjennombrot tek det mange år og store summar før medisinen blir tilgjengeleg.

– Det dyraste er å lage medisinen til slutt. Men eg vil heller ha det gjort av private selskap, enn ikkje gjort i det heile tatt.

 

KLONING: Slik blei eit egg, DNA frå vev og ei surrogatmor til Dolly. Sauen blei oppkalt etter Dolly Parton, ettersom DNA-et var henta frå eit bryst.  Illustrasjon: Wikipedia

 

Far til Dolly: Trur på kur mot degenerativ sjukdom

ALS
Amyotrofisk lateral sklerose (ALS) er ein nervesjukdom som angrip motoriske nerveceller i ryggmargen og hjernen. Han er i dag ulækjeleg, og gjennomsnittleg levetid er 3-4 år. Sjukdommen kjem oftast etter femti års alder. Musklane i kroppen sviktar gradvis hos pasientane, og dei fleste døyr fordi dei mister krafta til å puste. Om lag 100 døyr av sjukdomen kvart år i Noreg.

Stamceller
Stamceller produserer nye celler i kroppen, og ein kan skilje dei i tre hovudtypar: Dei totipotente stamcellene finn ein i befrukta egg, og dei kan bli til eit heilt nytt individ. Dei pluripotente kan vere opphav til dei fleste ulike celletypane i kroppen, mens dei multipotente berre kan skape nokre celletypar.

Kjelde: Forskning.no og Wikipedia

Powered by Labrador CMS