Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I løpet av dei tre neste åra skal Institutt for geovitskap få tilgang nytt forskingsutstyr. Rekninga på 12 millionar kroner tek Statoil.
Med massespektrometeret har Rolf Birger Pedersen funne ut alderen på granitten som Løvstakken består av. Ein liten prøve av byfjellet vart analysert, og litt etter var svaret klart: 1050 millionar år. – Å finne alderen på bergartar er avgjerande for geologisk kunnskap. Skal vi ligge i forskingsfronten er det nødvendig at forskarar og studentar har tilgang til denne typen laboratorium, seier Pedersen. Kjem fleire til gode Utslitt instrumentpark – Vi kontakta Statoil i håp om å få til eit spleiselag. Dei såg at eit slikt samarbeid ville kunne være tenleg for begge partar. Dei kunne bidra med utstyr, og vi kunne bidra med kompetanse, seier Pedersen til På Høyden. Gir studentane unik erfaring – Dette er utstyr Statoil gjerne vil ha tilgang til, utan at dei er storforbrukarar av utstyret, seier Pedersen. – Løyvingane til nytt forskingsutstyr er ofte mykje mindre enn behovet. Dette er stort og dyrt utstyr. Skulle Noregs Forskingsråd ha finansiert utstyret ville dette ha tatt mange år, anslår Pedersen. Analyserer havbotnen – Vi har vurdert om Statoil sin bruk ville gå ut over våre aktivitetar, men vi ser at det er snarare tvert i mot. Vi får auka kapasiteten, seier Pedersen. Rolf Birger Pedersen og Siv Hjort Dundas tidfester nærmast kva det skal vere i massespektrometeret. Dei er nøgde med at studentar og forskarar skal kunne få arbeide med ein ny instrumentpark. (Foto: Ida Bergstrøm) Kunnskapsministeren: Private gjevarar er velkomne Rektor Sigmund Grønmo seier UiB har gode erfaringar med samarbeid med Statoil. – Vi har gode erfaringar med støtte frå og samarbeid med Statoil. Vi har ei langsiktig Akademiaavtale, som nettopp har blitt fornya. Statoil er klare på at det dei treng er langsiktig og grunnleggande forsking på område som er relevante for Statoil. Vi ser at områda vi kan samarbeide på er områder som også er relevante for UiB, seier han til På Høyden. – Klare retningslinjer Sigmund Grønmo meiner avtalen Geovitskapleg Institutt har gjort med Statoil kan vere ein modell for fleire institutt. Slik han ser det, er det ikkje er knytt problem til gåva frå Statoil. Grønmo: Vi har ein policy – Vi gjennomgår kvar enkelt sak for seg når det er snakk om støtte frå næringslivet, og ser om det er vilkår vi ikkje kan godta. Kjem vi ikkje til einigheit, trekk vi oss frå avtalen. – Kvar går grensa? Grønmo meiner UiB klarer å fange opp implisitte vilkår og føringar på forskinga som kan tenkast å verte utvikla i ein langvarig gjevar-mottakar-relasjon. – Vi har til no ikkje sett eksempel på at Statoil har skjulte eller implisitte motiv som har gitt utslag på ein slik måte at vi har vore nøydde til å ta det opp. Pedersen: Fri forsking – All forsking vi gjer, gjer vi heilt fritt. Vi rapporterer ikkje til Statoil, og dei legg seg ikkje opp i kva vi bruker det til. Avtalen er at UiB skal vedlikehalde utstyret, og når Statoil skal bruke det, må dei betale for analysekostnader knytt til dette. Statoil vil generere sine data her. Her kan vi bidra, men dei vil vere Statoil sine. I samarbeidet om forskingsprosjekt vil vi følgje generelle linjer for vitskapleg publisering, seier Pedersen.
Institutt for geovitskap har det største geoanalytiske laboratoriekomplekset i Norge. Geovitarar undersøker meteorittar og vatn frå varme kjelder i havet. Gjennom å undersøke spor av miljøgifter i gamle tennene kan odontologar finne ut meir om kvar menneska har levd. Biologar har studert øyresteinane til torsken. Medisinarar har forska på korleis implantat verkar i kroppen, og om dei gir frå seg skadelege stoff som vert spreidde med blodbanene.
I dei ti åra laboratoriet har eksistert, har forskarane også samarbeida tett med Statoil. Dei har blant anna utvikla metodar for korleis en kan spore kjelda til sedimentære bergarter som blant anna dannar oljereservoar. Laboratoriet går nesten alltid for fullt. I 2002 fekk UiB pengar frå Forskingsrådet for å kjøpe inn utstyr til eit felleslaboratorium for heile universitetet. Utstyret på laboratoriet har ei levetid på om lag ti år, og Pedersen fortel at i det siste har utgiftene til vedlikehald derfor blitt høge.
Løysinga vart at Statoil kjøper utstyret som skal vere plassert på UiB. Når Statoil treng å få gjort analyser, vil dei betale for kostnadane knytt til dette.
– Med det nye utstyret kan studentane få erfaring frå samarbeid med næringslivet, seier Pedersen. Han viser fram det gamle massespektrometeret som står på instituttet i dag. Instrumentet kan til dømes finne samansetninga av eit sediment på havbotnen. Ved hjelp av massespektrometeret kan også overingeniør Siv Hjorth Dundas analysere prøver av sjøvatn tekne djupt nede under havoverflata. Sjøvatnet vert sugd inn i massespektrometeret, og varma opp til 8000 grader ved hjelp av induksjon. Sjøvatnet vert knekt ned til atom, og tek form som plasma. Plasmaet vert deretter sendt inn i massespektrometeret, og akselerert opp i høg fart rundt ein magnet. Dei tyngste partiklane kan ein skille ut, ettersom dei ikkje greier svingane rundt magneten like raskt som dei lette. Dermed kan dei samlast opp av ein detektor, som gjev eit resultat Hjorth Dundas kan tolke. Pedersen fortel av datering av mineral er noko dei vil gjere for Statoil.
Næringslivet finansierer i dag seks prosent av den FoU som vert utført ved universitet og høgskular og ved dei offentleg retta forskingsinstitutta. Norge plasserer seg dermed midt på treet i oversikta frå forskingsbarometeret 2012, viser tal frå forskingsmeldinga. Signalet frå Kristin Halvorsen då ho la fram Forskingsmeldinga var ganske klart: Private midlar er velkomne i akademia.
– Det er viktig for universitetet at løyvingar og gåver vi får frå ulike hald er på universitetets eigne premiss, og ikkje medfører urimelige vilkår i forhold til universitetet sine prinsipp. Her har vi tre klare retningslinjer: Vi må være tydelige på at vi har ulike roller og oppgaver i samfunnet. Universitetet har andre roller enn private selskap. Vi er absolutt uavhengige i forsking og utdanning. Vi vil tenke langsiktig når vi tek i mot gåver og løyvingar, seier Grønmo.
– Snarare tvert i mot. Det er svært verdifullt at vi får ressursar frå eit selskap som Statoil, som kan sikre at vi får sterkt tiltrengt utstyr.
Ifølge Grønmo vurderer UiB kvar enkelt gåve og kvart samarbeid for seg.
– Vi kan ikkje ta i mot gåver som er i strid med UiB sin policy. Vi har ein rettighetspolicy på at forskaren har eigendomsrett til forskinga. Vi har òg eit prinsipp om full openheit om finansieringa, og at dei tilsette har rett til å publisere resultata av forskinga. Det er til dømes uaktuelt å ta i mot støtte til forsking FOR auka oljeutvinning. Vi kan drive forsking OM oljeutvinning. Men vi må ha fridomen til å kome med konklusjonar som ikkje er gitt på førehand.
Også Rolf Pedersen er trygg på at han og studentane i framtida får gjere analysar av bergartar og sjøvatn utan innblanding frå dei som har betalt for instrumenta.
Analyse av bergartar er eit sentralt felt for geovitarar. Dette er òg kunnskap Staoil har nytte av i analyser av havbotnen. (Foto: Ida Bergstrøm)