– Farmasi er meir enn eit helsefag

Publisert

Frå hausten 2003 innfører UiB eit integrert masterprogram i farmasi. Det er i dag sterk mangel på farmasøytar. – Den tverrfakultære samansettinga av det nye studiet er ei nyskaping i Norge, seier Leif Sæthre, professor i kjemi og medlem i programstyret for farmasiutdanninga.

Farmasistudiet balanserer i skjeringspunktet mellom naturvitskap og medisin, og tek for seg læra om lækjemiddel. Studiet vil ha ei delt forankring mellom Det matematisk-naturvitskaplege og Det medisinske fakultetet. Studentane vil mellom anna lære om lækjemiddelhistorikk, produksjon, analyse og verkemekanismar av lækjemiddel. I introduksjonen til studiet heiter det at farmasifaget er viktig for utvikling av nye, naturstoffbaserte lækjemiddel.

– Veldig mange tenkjer umiddelbart på medisin og helsevesen i samband med farmasi. Men faktum er at naturvitskapane er ein viktig del av farmasifaget, og ved Kjemisk institutt har vi lenge drive med forsking som har direkte relevans til farmasi, seier professor Øyvind M. Andersen. Han er instituttstyrar ved Kjemisk institutt, og sit i programstyret for farmasiprogrammet.

Kjemiske prosessar viktig

Når eit framandelement, som til dømes eit virus, kjem inn i kroppen, vil immunsystemet gå til åtak eller sleppe det inn i cellene alt ettersom det kjenner att den molekylære overflateoppbygginga i viruset eller ikkje. Dette er kjemiske prosessar som er ein viktig del av farmasifaget.

– Når vi skal sjå på verkemekanismar, må vi ned på molekylnivå. Kjemien og biokjemien opererer på dette nivået, forklarer professor Leif Sæthre.

– Her er det enno mykje som står att, det ser vi også i nyhendebiletet: Kvifor skaper eit nytt virus som SARS så store problem? Enno er det mange av desse mekanismane vi ikkje veit nok om.


Medikamenter og helsekost

Kjemisk institutt driv ulike aktivitetar som er relevante for farmasifaget. Ei gruppe leia av professor Jon Songstad arbeider mellom anna med syntese av feittsyrer i samband med kolesterol, type 2-diabetes og kreft. Doktorgrad nummer 500 som nyleg vart avlagt ved Det medisinske fakultet, bygde på dette arbeidet. Professor Einar Sletten samarbeider med eit universitet i Italia om ein type enkle platinasambindingar, som bind seg til DNA-molekyl og stoggar ukontrollert cellevekst. Dersom ein kan finne ut den molekylære mekanismen for aktiviteten til desse stoffa, vil det vere mogleg å lage medisinar med mindre biverknader enn dei som finst i dag.

Det har vore fokusert mykje på regnskogen som eit slags reserveapotek for verda, og det er mange naturstoff ein ikkje veit noko om enno. Til dømes har gruppa til professor George W. Francis arbeidd med misteltein og barlind, som begge er kjende for sin bruk i kreftsamanhang.

Sjølv har Andersen lenge vore opptatt av naturstoff, mellom anna av dei helsemessige verknadene av antocyanar, som er fargestoff som finst i til dømes blåbær og tyttebær. Desse stoffa har dei siste åra fått stor merksemd som antioksidantar.

– Gjennom arbeidet vårt har vi funne over 70 sambindingar som ikkje er funne i naturen tidlegare. Eg vonar at vår forsking kan gje meir eksakte opplysingar om desse stoffa, og brukast i utvikling av lækjemiddel. Vi står mellom anna bak eit helsekostprodukt som i dag blir selt på apotek i fleire land. Slike produkt står for ein stor del av salet på apoteka, seier Andersen.


Solid fundament

– Når vi no skal etablere dette studiet ved UiB, har vi eit så solid fagleg fundament som vi kan ønskje oss. Studiet vil fokusere meir på forskarutdanning enn farmasistudiet i Oslo og Tromsø. Vi har gode tradisjonar og lang røynsle i å utdanne hovudfagsstudentar og stipendiatar, og lukkast vi med organiseringa av dette studieprogrammet, vil det vere ei nyskaping i Norge, seier Sæthre.

Både Andersen og Sæthre er opptekne av at det krevst tverrfagleg teamarbeid for å løyse dei utfordringane farmasifaget møter i framtida.

– Det kjennest kanskje unaturleg å bringe kjemiske reaksjonar inn i ein helsesamanheng, men dei er med på å gje viktige forklaringsmodellar i problemstillingar som førebels er uløyste. Veldig mykje av forskinga i dag blir til i grenselandet mellom fleire fagfelt. Studiet blir eit samspel mellom fag som medisin, fysiologi, kjemi, biokjemi og molekylærbiologi, men lagt opp på farmasøytane sine premiss, seier Andersen.

Powered by Labrador CMS