– Fattigfolk bur på skrinn jord

Publisert

Den norske bistanden er prega av gode formål som heng dårleg saman, meiner seniorforskar Gunnar M. Sørbø.

Sidan 1952 har Noreg gitt 400 milliardar kroner i bistand, 30 milliardar berre i år. Men er bistand berre positivt? Gjennom serien «Den gode viljen» som vert vist på NRK, vert ulike sider av den norske bistandspolitikken problematisert. Måndag var serien utgangspunkt for debatt ved Bergen ressurssenter. Frøy Gudbrandsen var debattleiar.

– I UD, der eg jobbar, har me enormt mange diskusjonar om bistand. Men eg trur ein med dette programmet når ei anna målgruppe som ikkje diskuterer bistand til dagen. Eg synest serien er god og set i tankeprosessar, òg hos meg som politikar.

Det sa Gry Larsen (Ap), statssekretær i Utanriksdepartementet.

– Knytta til utanrikspolitikk
– Ein del av diskusjonen om bistand er gamaldags. Ein latar som om ein framleis gir bistand til Tanzania. Men det ein ser dei tjue siste åra er at bistand er sterkt knytta til utanrikspolitikken. Ein gir mest i bistand til dei områda der det er eller nettopp har vore konflikt, som Afghanistan og Sudan. Det er òg eit aukande tal aktivitetar og formål som får støtte. Ein har ikkje lenger hovudsamarbeidsland.

Det sa Gunnar M. Sørbø, seniorforskar og tidlegare direktør ved Christian Michelsen Institutt (CMI).

Medan politikarane, Larsen og Peter Gitmark (H), svarte ja på at bistand verkar, sa Sørbø at det ikkje finst noko enkelt svar.

– Norsk bistand er prega av gode formål som heng dårleg saman. Kontakten med lokalbefolkninga har ikkje vore dårlegare enn han er i dag, og det viser seg at det er vanskeleg å få til noko når ein går inn like etter at det har vorte semje om ein fredsavtale, sa Sørbø.

Vil kutta – men seier ikkje kor
I dag er det 110 land som får bistand frå Noreg. Peter Gitmark og Høgre vil ha talet på både tema og mottakarland ned. Men på direkte spørsmål om kva tre tema han vil kutta, ville ikkje Gitmark svara. Han viste til partiet sitt program.

Heller ikkje Larsen ville svara på kvar ein kan eller bør kutta. Ho viste til ei stortingsmelding som skal koma.

Men bistand nyttar, meiner Larsen.

– Ein må sjå på samanhengen mellom utanrikspolitikk og utviklingspolitikk, sa ho, og viste til Myanmar og Colombia.

– Dersom ein brukar alle verkemiddel har ein større sjanse til å bidra positivt.

Lars Petter Gallefoss (til venstre) frå Pandora film har regissert «Den gode viljen». Han deltok i debatten saman med mellom andre Monica Sydgård frå Redd Barna og Peter Gitmark frå Høgre. Alle foto: Hilde Kristin Strand

Mest til Tanzania
Tanzania er det landet i verda som har fått flest bistandskroner frå Noreg. Der ligg mellom anna Haydom sjukehus – bygd opp av misjonærar.

– Har me vore i naud i femti år, spør Suma Kaare retorisk i serien.

Ho er rektor ved MS Utviklingssenter, og kritisk til bistand frå Noreg og andre land. Ho meiner bistand er noko ein treng når ein er er i akutt naud.

– Bistand fører til svake regjeringar. Dei får legitimitet frå bistand – ikkje frå folket, hevdar Kaare.

– Ho meiner at bistand ikkje skal gå til skule og helse, sa regissør Lars Petter Gallefoss frå Pandora film.

Sørbø er ikkje utan vidare samd.

– Fattigfolk bur på skrinn jord. Eg meiner at ein bør ha nokre pengar til skule helse, og beskytta desse kronene mot kortsiktige prioriteringar.

Redd Barna vil òg ha pengar til skule.

– Lokalt eigarskap til prosjekta gir resultat. Det er mellom anna bestemt at skular i Nepal skal vera konfliktfrie soner. Dette er noko Norad òg seier at fungerer, sa Monica Sydgård, leiar for politikk og samfunn i Redd Barna.

Ministertur til Angola
Serien er delt inn i fem episodar, alle innleia med retoriske spørsmål: «Skader vi mer enn vi hjelper?», «Er det TV-kamera som bestemmer hvem som skal hjelpes?», «Vet Norge best hvordan andre land skal styres?», «Tjener vi mer enn vi gir?» og «Bør vi slutte å gi?».

I kveld er det «tener me meir enn me gir» som skal svarast på. Det handlar om handel. Og det handlar mellom anna om Angola, som har verdas raskast veksande økonomi. Statoil er på plass i landet, og i episoden får ein sjå næringsminister Trond Giske og dåverande miljø- og utviklingsminister Erik Solheim besøka landet. Men bak dei flotte, nye bygningane skjuler det seg ei anna verd: Dei fattige, som bur dårleg og som i stor grad er arbeidslause. Korrupsjon er eit stort problem i landet, hevdar fleire av dei som er intervjua. Samstundes vert det peika på at Statoil betalar meir i skatt til landet enn Noreg gir i bistand.

– Fordeling er det suverent viktigaste verkemiddelet, sa Gallefoss.

– Men i mange land betalar ein ikkje skatt med glede. Ein opplever at staten tek pengar, men gir ikkje så mykje tilbake. Skule og andre velferdsgode er det nokon utanfrå som betalar for, sa Gallefoss.

– Redd Barna meiner det er viktig å støtta sivilsamfunn og fri presse, og å støtta dei som har ein plan for å få dei fattigaste med. Det er jo ikkje slik at barna er fattige fordi dei ikkje har gjort noko for å ikkje vera det, sa Sydgård.

– Meir strategiske
Gitmark er oppteken av investeringar som bistand.

– Når selskap med nulltoleranse for korrupsjon etablerer seg, har det òg ringverkander for andre, sa han.

– Bistand nyttar. Me har redda fem millionar barneliv sidan 2000 ved hjelp av vaksinasjon. Men me må verta meir strategiske. Det er ikkje dei norske pengane som gjer verda meir rettvis, sa Larsen.

– Spørsmålet er korleis me kan bruka pengane på ein smart måte, slik at bistanskronene kan spela inn på andre transaksjonar.

 

 

 

Powered by Labrador CMS