Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Samarbeid mellom forskingsmiljøa ved UiB, Univisjon og NRK har allereie resultert i fleire store TV-produksjonar. Ein ny serie om kulturlandskap vart presentert på opninga av Formidlingsavdelinga onsdag 26. februar.
– Å drive intern informasjon for 3000 tilsette og vel 17.000 studentar ved UiB er ei krevjande oppgåve. Så krevjande at ho kanskje berre blir overgått av arbeidet med å formidle for samfunnet ikring, sa Universitetsdirektør Kåre Rommetveit på opninga av Formidlingsavdelinga. Forskingsmiljøa ved UiB gjev gode utgangspunkt for seriar som denne. Til dømes vil serien innehalde ei reportasje om lyngheilandskap: Lyngheibønder i heile Opninga av Formidlingsavdelinga var prega av høge forventingar til formidlingsarbeidet ved UiB. – Det skal bli svært spennande å sjå korleis dette fungerer, sa Trude Drevland, næringspolitisk leiar i Bergen Næringsråd.
Onsdag 26. februar vart Formidlingsavdelinga ved UiB opna med brask og bram og talar og kanapear - samt nokre visuelle døme på kva avdelinga allereie har bak seg av produksjonar.
Avdelinga kunne feire lanseringa med å fyre av startsskotet for produksjonen «Av jord er du kommet», som er eit samarbeid mellom UiB og NRK Program Riks. Produksjonen er ei vidareføring av storsatsingar som «En reise i vannets historie», ein serie om vatn som global ressurs, og «Blå rikdom», om fiskeriressursane i verda.Dei har begge selt godt internasjonalt. «Av jord er du kommet» blir ein faktadokumentar om kulturlandskap i ulike delar av verda. Spørsmål som blir tekne opp, er kvifor landskapet ikring oss ser ut som det gjer, kva landskapsutforminga har hatt å seie for utvikling av sivilisasjonane, og kva for tenkjemåtar, tradisjonar og kulturelle ytringar som er inspirert av landskapet og arbeidet som er knytt til det. No er prosjektet nettopp gått inn i manusfasen, opptaka startar til sommaren og serien skal etter planen sendast på NRK i desember 2004.
God forsking gjev godt TV
Vest-Europa svei av skogen for å kultivere fram eit landskap der lyngen
dominerte. I det skoglause kystlandskapet kunne dyra beite året rundt. Professor Peter Emil Kaland ved Botanisk institutt har arbeidd med dette i mange år, han var initiativtakar til Lyngheisenteret og gav i fjor ut bok om det europeiske lyngheilandskapet. No blir det TV av forskinga.
Professor Gunnar Haaland ved Institutt for sosialantropologi er også involvert i produksjonen. Han har forska på mellom anna human økologi, økonomisk antropologi og globalisering. Begge sit i prosjektgruppa som har arbeidd med å utvikle programideen til serien.
– Etableringa av Formidlingsavdelinga gjer det nok lettare å få i gong denne typen produksjonar, trur produsent for serien, Nils Arne Sæbø.
– No får vi ein annan finansieringsmessig konstruksjon enn vi hadde i Univisjon, som gjev oss eit meir solid grunnlag, føresett at UiB vil satse.
Samarbeidet med NRK er han svært nøgd med.
– Eit slikt samarbeid gjev oss tilgang til å produsere ting som blir sendt på TV i beste sendetid. Dessutan gjer co-produksjon det mogleg å lage større produksjonar som vi ikkje ville fått realisert på eiga hand.
Kjell Jarle Høyheim, programsjef i NRK, kom også med lovord.
– «Vannets historie» sel framleis internasjonalt. Utan fagleg kunnskap er det uråd å lage slike produksjonar. Fordi UiB satsar på formidlingsaktivitet ved sida av den vitskaplege kjerneaktiviteten, er det mogleg å lage program og seriar av høg internasjonal kvalitet, sa han.
Høge forventingar
– For å drive forsking, treng vi støtte frå politikarar og samfunn, og den støtta kan vi berre forvente å få viss vi kan fortelje kva vi driv med, og kvifor vi driv med det, minte Kåre Rommetveit om.
Han peika på det framtidsretta i å sameine ulike formidlingstradisjonar i éi avdeling.
– Det multimediale samfunnet byr på både nye utfordringar og nye moglegheiter, som vi som universitet bør vere mellom dei første til å gripe fatt i, sa han.
Rektor Kirsti Koch Christensen sto for sjølve opninga, ved å plugge i kabelen som gav bilete på storskjermen i Studio A.
– Eg tillet meg å pakke opp sjølv denne vesle gåva frå Universitet, sa ho, og pakka ut eit bilete av zoologen og kunstnaren Harald Kryvi. Biletet viste ei større samling ugler av alle fargar og storleikar.
– Dette viser det som er karakteristisk ved UiB: Store skilnader og klare fellestrekk. Det er dette mangfaldet Formidlingsavdelinga skal vere med på å synleggjere.
Bygge ned barrierar
– Dette er viktig for oss utanfor som treng å vite kva som skjer på Universitetet. Til no har vi mangla ein arena for folkeleg presentasjon av universitetsstoff for næringslivet. Difor er det veldig positivt at dette skjer.
Ansvarleg redaktør Einar Hålien i Bergens Tidende gav UiB honnør for å ta formidling tilstrekkeleg alvorleg til å gjere konkrete grep som å etablere ei eiga avdeling.
– Vi ser, kanskje betre enn mange trur, kva vi ikkje er flinke nok til. Det finst nok barrierar av både praktisk og mental art både hos journalistar og forskarar. Denne avdelinga kan vere med å bygge ned barrierane, sa han.
Hålien minna også om at ein ikkje berre måtte satse på dei store og prestisjefylte prosjekta.
– Det er eit stort behov for å formidle i det daglege, sa han.
Direktør for Formidlingsavdelinga, Torny Aarbakke, var samd i at avdelinga må jobbe for å vinne både forskarane og media sin tillit.
– Men vi skal nå langt. Formidlingsavdelinga er ikkje ferdigutvikla, men vi er klare til innsats, lova ho.