Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Er språkleg mangfald eit problem? Nei, meiner arrangørane bak konferansen Rom for språk. I tre dagar skal UiB markera språkåret og feira Ivar Aasen sin 200-årsdag.
– Språkleg mangfald vert ofte gjort til eit problem, seier Endre Brunstad. – Men me som arrangerer konferansen meiner at det ikkje er det. Han er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium og ein av arrangørane av konferansen «Rom for språk». Torsdag, fredag og laurdag skal språkforskarar frå fleire land diskutera språkleg mangfald og sjå på korleis språkleg mangfald vert handtert. Konferansen er UiB si markering av det nasjonale språkåret. I år er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Bursdagen vert òg markert med språkfest på litteraturhuset fredag kveld. Teiknspråk og anna andrespråk Ann-Kristin Helland Gujord er universitetslektor og har nettopp levert avhandlinga si med norsk som andrespråk som tema. – I skulen vert ikkje språkleg mangfald sett på som eit gode, men ofte heller som eit problem, seier ho. I skuleverket møter ein òg ei anna gruppe som er tospråklege: dei som nyttar teiknspråk. – I dag er teiknspråklæringa utfordra sidan mange av dei som er døve får ein operasjon som gjer at dei kan høyra, seier Brunstad. Heile konferansen vert oversett til teiknspråk. – Det tok tid å få teiknspråk godkjent som språk. Men det er eit levande språk, og det er gamalt. Teiknet for «smør» har ein hatt sidan mellomalderen, seier stipendiat Edit Bugge. Når den nye språkhistoria vert gitt ut, har teiknspråk fått sin eigen plass. Kva skjer når ein vert adoptert? Ho er universitetslektor i norsk som andrespråk og skal ha innlegg om språkbrot og språkbytte i tidleg alder hos utanlandsadopterte barn. – Eit viktig spørsmål er når ein faktisk etablerer morsmål. Men forskinga viser at frå ein er seks månader gamal, skjer babybablinga på eins eige morsmål. Mange barn vert adopterte etter at dei har etablert språk, seier Schjetne. Ho seier at dei adopterte barna ofte først gjer det godt når språket deira vert testa. Etter to år viser mange ulike forskingsstudiar at dei har dei aldersadekvat språk. Men etter kvart, spesielt i skulealder ved 4. til 5. trinn kan dei få litt spesielle problem med språket. I motsetnad til elevane som får undervisning i norsk som andrespråk, er dei adopterte ei gruppe ein ikkje tenkjer på. Dei vert definert som norske med norsk som morsmål. – Når barna som er adopterte er mellom fire og seks år gamle, viser forsking at dei har gløymt mykje av førstespråket etter to månader. Etter eitt år fungerer det ikkje funksjonelt lenger. Òg i adoptivfamiliar der mor eller far meistrar barnet sitt førstespråk ser ein dette – barna ønskjer å verta så like resten av familien som mogleg og kuttar bevisst ut det første, etablerte morsmålet sitt. Dei etablerer sitt andre førstespråk, seier Schjetne. Vil formulera språkpolitikk – Det er òg mange fordelar knytta til å få fleire språk i landet, seier ho. Det er noko ein skal diskutera på den siste dagen av konferansen. Den første dagen er det å spegle det språklege mangfaldet i Noreg som er i fokus, den andre dagen skal ein sjå nærare på individet sin språkbruk, og den siste dagen skal ein formulera språkpolitikk. Korleis tek samfunnet inn over seg innsikta ein har om språkkompetanse og tospråklegheit? – Det handlar på sett og vis om kven som får vera med på festen, seier Bugge. Edit Bugge, Ann-Kristin Helland Gujord og Endre Brunstad sit i komiteen som har planlagt konferansen «Rom for språk». Det er mannen i midten, Ivar Aasen, som skal heidrast tre dagar til ende. Foto: Hilde Kristin Strand
– Noko av det me vil sjå nærare på, er korleis individet og samfunnet handterer språkleg mangfald, og me kjem til å få døme frå område der det ikkje er gjort til eit problem, seier Brunstad, og nemner samisk og førkolumbianske amerikanske språk som døme.
– Eg babla på koreansk ein månad, seier Nina Schjetne.
– Det er klare positive effektar av å vera fleirspråkleg, meiner Bugge.