Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Om lag 70 syklande MOF-tilsette kunne reisa heim frå jobb i går med ein sykkel som hadde fått sørvis.
Mange MOF-tilsette nytta høve til å få gratis sørvis på sykkelen sin denne veka. Foto: Torstein Ravnskog – Det kom mange syklar, og sykkelreparatørane jobba tre timar overtid, fortel Linda Vagtskjold. Ho er seniorkonsulent ved Det medisinsk-odontologiske fakultetet og ansvarleg for den mobile sykkelverkstaden som stod utanfor BB-blokka i heile går. – Dette er eit HMS-tiltak, seier Vagtskjold, og fortel at ideen kom frå Haukeland Universitetssjukehus. Dei har allereie hatt fleire dagar med mobile sykkelverkstadar for sine tilsette. Gratis sørvis Heile onsdag kunne tilsette ved MOF levera syklane sine utanfor BB-blokka. Der fekk dei gratis sørvis på syklane sine, og mange fekk både stramma opp og skifta olje. – Men dersom nokon måtte byta deler til sykkelen, måtte dei betala dette sjølve. Sørvisen var uansett gratis, seier Vagtskjold. 70 syklar – Eg har inntrykk av at dette var ein suksess, men eg har ikkje fått så mange tilbakemeldingar endå, seier Vagtskjold. Ho spelar gjerne ballen over til andre fakultet. – UiB vil jo vera eit grønt universitet, og sykling er eit helsefremjande tiltak, seier ho. Framsidefoto: Torstein Ravnskog
– Dette er eit helsefremjande tiltak. Det er ei påskjønning til dei som allereie syklar til og frå jobb og ei oppmoding til andre om å prøva, seier Vagtskjold.
Om lag 70 syklar vart gjort sommarklare i går. Men Vaktskjold seier at det er for tidleg å seia om det vert fleire rundar med sykkelverkstad.