Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Forskingsrådet har valt ut 17 grunnforskingsprosjekt som til saman skal få forske for 250 millionar dei neste fire åra. UiB har fått støtte til tre prosjekt.
STORFORSK er ei ny ordning for å finansiere store, frie grunnforskingsprosjekt med ”høy risiko og vitenskapelig dristighet”, som det heiter i kriteria. Av 263 søknader har 17 fått midlar. Ved UiB går pengane til to prosjekt ved Senter for utviklingsstudiar, og eitt ved Institutt for geovitskap. – Vi utfordrar myten om at Noreg ikkje hadde koloniale interesser og mangla eit storborgarskap kring 1900, seier Kirsten Alsaker Kjerland ved Senter for utviklingsstudiar. Ho trur prosjektet mellom anna vil vise at i motsetnad til kva mange likar å tru, er det ein sterk kontinuitet frå den aktiviteten nordmenn dreiv i dei tidlegare koloniane og fram til den bistanden vi driv i dei same områda i dag. Elles fordeler STORFORSK-midlane seg på Universitetet i Oslo (7 prosjekt), NTNU (5 prosjekt), SINTEF (1 prosjekt) og Nasjonalt folkehelseinstitutt (1 prosjekt). Ved UiO er det først og fremst medisinskfaglege prosjekt som får støtte. På dette feltet har ikkje søknader frå UiB nådd opp i konkurransen.
Norske koloniale interesser
Saman med kollega Anne Katrine Bang står ho bak prosjektet ”In the wake of colonialism. Norwegian commercial interests in colonial Africa and Oceania”. Prosjektet vil kaste nytt lys over nordmenn sine økonomiske interesser i Afrika og Oseania, først og fremst i perioden 1880-1940. Økonomar, historikarar og antropologar er involvert, og frå UiB deltek Svein Ivar Angell, Knut M. Rio og Edvard Hviding i tillegg til Bang og Kjerland sjølv.
– Vi vil følgje pengane der dei gjekk ut til koloniane og vart investerte tungt i plantasjedrift og shipping, og vi vil sjå på korleis nordmenn samhandla med befolkninga. Noreg hadde definitivt økonomiske interesser av å følgje i kolonimaktene sitt kjølvatn, hevdar ho.
Satsar internasjonalt
– I bistandssamanheng er ein i dag veldig opptekne av å handle rett i høve til lokalsamfunna ein opererer i. Men vi trur måten ein handlar på i dag, liknar mykje på slik det var for hundre år sidan, seier Kjerland.
Forskarane nyttar såleis spesialkunnskapen sin om Afrika og Oseania til å sjå nærare på norsk økonomisk historie. Forskarar frå Sverige, Danmark og Sør-Afrika er også med på prosjektet, som skal munne ut i fleire monografiar samt utstillingar, undervisingsopplegg og film.
Felles for dei tre UiB-prosjekta som har fått støtte, er at dei har eit sterkt internasjonalt tilsnitt. Professor Leif Manger har fått støtte til å leie prosjektet ”Global Moments in the Levant. Towards an Understanding of a Contact Zone Between Peoples, Cultures and States”. Ved Institutt for geovitskap har professor John-Inge Svendsen fått støtte til å forske vidare på istidsutviklinga i det nordlege Eurasia.
Medisin nådde ikkje opp
– Vi er veldig nøgde med at utviklingsforskinga vår no får etterlengta støtte. Vi er også nøgde med at vi har fått midlar til eit sterkt prosjekt på geovitskap, som mellom anna har vore presentert i Nature. Det vi er mindre nøgde med, er at basalforsking i naturvitskap og medisin ikkje nådde opp i denne omgangen, seier direktør ved forskingsavdelinga, Kristen Haugland.
Han fortel at søknadsrunden no skal evaluerast for å sjå nærare på kva som har vore utslagsgjevande ved tildelinga.
– Vi skal vere klare for å prøve oss igjen ved neste runde, forsikrar han.