Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Forskningsrådet gir 100 millionar kroner til prosjekt rundt dei kulturelle føresetnadene til samfunnsutviklinga (SAMKUL). Fire UiB-prosjekt får løyvingar. – Eg synest det er eit godt plaster på såret når vi ikkje fekk eit Senter for fremragende forsking (SFF), seier Kjersti Fløttum.
I dag tidleg fekk ho meldinga om at det tverrfaglege prosjektet ho leier får 12 millionar kroner frå Forskningsrådet, etter at dei tidlegare i haust ikkje nådde opp i konkurransen om SFF-status.
– Det var veldig hyggeleg å få meldinga i dag. Det viser at ideen vår har slått igjennom, og det er ein siger for tanken om at språk er viktig i dette spørsmålet, seier Fløttum til På Høyden. Fleirfagleg – I SFF-søknaden hadde vi med fleire land, men med denne løyvinga rekk vi berre over Noreg og den internasjonale klimadialogen, fortel Fløttum. Romer-samkvem Brasil og middelalder-skjelett «Trust as a precondition for socio-economic development: What can we learn from the case of Brazil?», som ser på tilhøvet mellom tillit og økonomi, noko som kan vere relevant for den økonomiske krisa i Europa. Stian Hamre sitt postdoktorprosjekt «Immigration and mobility in medieval and post-medieval Norway» får òg støtte. Gjennom studiar av DNA og oksygenisotopar frå skjelett frå fire gravplassar er målet å få ny kunnskap om samansetnaden av folk i Noreg under og etter middelalderen. Søkte om milliard Det kom inn 138 søknader med ein totalsum på rundt éin milliard kroner til SAMKUL-utlysinga. Elleve forskarprosjekt og fire postdoktorprosjekt for til saman vel 100 millionar kroner over tre til fire år. Prosjekta er vurderte av panel av internasjonale ekspertar.
No ser ho fram til å ta fatt på prosjektet med å analysere i kor stor grad og på kva måte språket verkar inn på handlingane våre i klimaspørsmålet. Fløttum og kollegaene har samla eit stort, internasjonalt nettverk rundt seg, og har med fleire, internasjonale gjesteforskarar. Statsvitarar er med for å finne ut korleis opinionen dannar seg i klimaspørsmål, og psykologar skal finne ut korleis klimadiskursen verkar inn på einskildindivid.
Tre andre prosjekta ved UiB får SAMKUL-støtte. Eivind Heldaas Seland er prosjektleiar for gruppa som skal sjå kulturelt samkvem i det romerske nære austen. Dei vil sjå på handelsmenn, misjonærar, soldatar og andre som har reist på tvers av kulturar i området, og slik vore agentar for kulturell kontakt og endring. Studien skal gi bakgrunn for å forstå dei same prosessane i dag.
Margit Ystanes får støtte til postdoktorprosjektet
– SAMKUL er eit av dei sentrale satsingsområda til Forskningsrådet. Med globale, teknologiske og sosiale omveltingar endrar samfunnet seg og gir oss nye utfordringar. Kunnskap om dei kulturelle føresetnadene vil vere avgjerande for å møte dette, seier administrerande direktør Arvid Hallén i Forskningsrådet i ei pressemelding.