Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Felles timeplanlegging og rombooking har kome for å bli. – Men eg har full forståing for frustrasjonen på institutta, seier utdanningsdirektør Mette Torrissen.
Utdanningsavdelinga er pålagt ansvaret for effektiv utnytting av undervisnings- og grupperom og kollisjonsfrie timeplanar for studentane. Syllabus + heiter datasystemet som skal gjere dette arbeidet lettare. Som På Høyden har meldt, har dette ikkje fungert smertefritt. – Eg har full forståing for frustrasjonen på institutta. Frustrasjonen gjeld også administrativt tilsette som har arbeidde dag og natt med å revidere timeplanane til beste for alle, seier utdanningsdirektør Mette Torrissen. – Overhalding av fristar har vore ei utfordring. Vi sette ein frist for å melde inn ønskje om korreksjonar, men mange reagerte først ved årsskiftet. Det førte til at mykje arbeid hopa seg opp, noko som har fått negative konsekvensar både for studentar og tilsette, seier Torrissen.
Timeplanane kom mellom anna for seint ut til studentar og tilsette, og når dei kom, inneheldt dei mange feil, ifølgje fleire tilsette på ulike institutt. Men ifølgje Utdanningsavdelinga hadde fakultet og fagmiljø alt fått sjansen til å korrigere feil og kome med innspel før timeplanane vart lagt ut på studentportalen i desember i fjor.
Treng nytt verktøy
Ho meiner bakgrunnen for omlegginga til ein felles timeplan har blitt for dårleg kommunisert.
– Der tar vi sjølvkritikk, seier Torrissen.
Det er Kvalitetsreforma med modulisering og tverrfaglege studietilbod på tvers av fakultets- og instituttgrenser som har skapt behovet. Samstundes har krava til effektiv utnytting av undervisingsrom auka. Oppdaterte timeplanar i studentportalen er målet, men tekniske vanskar har forsinka oppdateringa. Dette problemet er no i ferd med å bli løyst, ifølgje Torrissen.
– Vi treng eit verktøy som gjer det mogleg for oss å lage kollisjonsfrie timeplanar. I tillegg må vi sikre at vi ikkje brukar meir pengar på undervisingslokale enn nødvendig. Gjer vi ikkje det, vert konsekvensen mindre pengar tilbake til forsking og undervisning. Sentralisert timeplanlegging er derfor kome for å bli, seier utdanningsdirektøren, som viser til at systemet også er i bruk ved universiteta i Oslo og Tromsø.
Ho meiner det ikkje er sjølve systemet som er problemet, men korleis dette arbeidet er lagt opp ved UiB. Skal felles timeplanlegging fungere, er lærarar nødt til å akseptere mindre individuell fridom til å planlegge når og kvar undervisinga skal finne stad, så lenge dette ikkje går utover pedagogiske omsyn. Studentar og lærarar må være førebudde på å nytte undervisingsrom utanfor eige nærmiljø, ifølgje Torrissen.
– Reagerte etter fristen
På inititativ frå Utdanningsavdelinga har det no blitt nedsett ein komité der det hovudsakleg sit vitskapeleg tilsette. Komitéen skal legge fram forslag til forbetringar i arbeidet med felles timeplanlegging og revidering, som skal leggast fram for universitetsstyret.