Studenten vart varetektsfengsla i fire veker. Foto: Dag Hellesund

Student utveksla nakenbilete av barn

Notert: Bergensstudent sendte venneførespurnader til 579 barn på tenesta Momio, og utveksla nakenbilete.

Publisert Sist oppdatert

Ein mannleg student i slutten av tjueåra er varetektsfengsla i fire veker for å ha lokka barn under 16 år til å sende han nakenbilete, skriv bt.no. Sjølv utga studenten seg for å gå i sjuande klasse ved ein skule i Bergen.

Mannen har innrømma å ha fått tilsendt nakenbilete av barn, og at han sjølv har sendt bilete av sin eigen penis i retur.

Studenten har brukt det sosiale mediumet Momio for å komme i kontakt med barna. Av 579 førespurnader han har sendt frå seg blei 30 prosent godkjende.

Påtalemakta fryktar at studenten kan prøve å slette spor eller påvirke dei fornærma i saka. Han har difor fått brev- og besøksforbod dei to første vekene av varetektstida.

Powered by Labrador CMS