Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
(Saka er oppdatert 3.august 2020)
Det er på tide å begynne å takke for seg. For snart fem månader sidan bad eg styret ved Universitetet i Bergen om å ta tilbake På Høyden. Dei sa ja og vil gjere om avisa til ei internavis for tilsette og studentar ved UiB - og eit debattforum.
Redaksjonane i både På Høyden og Khrono stod bak forslaget, og no skjer det snart i praksis. Når august kjem, takkar Khrono for tida med På Høyden, og det redaksjonelle ansvaret blir gitt vidare til kommunikasjonsavdelinga ved universitetet - der det heile i si tid starta.
Som redaktør i På Høyden sidan 1.mars 2019 vil eg meine vi har fått til mykje bra, men det er aldri morosamt å måtte gi opp eit prosjekt før tida. Det har eg gjort her - eg synest ikkje vi fekk det heilt til. Det blei ikkje bra nok verken for På Høyden eller Khrono.
Det var ei ambisiøs redaksjonell satsing på at På Høyden skulle bli ei reindyrka lokalavis for studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. På Høyden hadde ikkje tidlegare hatt studentar som målgruppe. Satsinga skulle skje utan stoffdeling med andre aviser, og heilt på eigen kjøl. Samstundes skulle dei som skulle lage den nye lokalavisa for UiB også vere med på den nasjonale avissatsinga i Khrono, frå Bergen. Det blei som eg har sagt tidlegare: Ein journalistisk spagat som ikkje var god å stå i for nokon.
Men i dei 16 månadene På Høyden har vore under Khronos paraply har det blitt produsert nærmare 1000 journalistiske saker om Universitetet i Bergen, sannsynlegvis fleire enn nokon gong tidlegare over tilsvarande tidsperiode. Dei aller flest av dei har vore positive og informative saker og reportasjar om stort og smått som rører seg ved universitetet. Og nokre saker har vore av det meir kritiske slaget, slik det skal vere.
I Khrono ser vi no fram til å kunne gå 100 prosent inn for å få til ei god nasjonal nyheitssatsing frå Bergen, på linje med det vi har i Oslo, i tillegg til den internasjonale dekninga frå Brussel.
Målet for Khrono er å vere ei relevant avis for heile kunnskapssektoren og då kjem vi ikkje utanom UiB. UiB er eit av de viktigaste universiteta i landet og både skal og må ha stor merksemd frå nasjonale Khrono.
Når På Høyden no blir tatt over av nokon andre, kan vi på ein heilt annan måte enn tidlegare konsentrere oss om det som redaksjonen meiner er dei vesentlege sakene frå Universitetet i Bergen, saker som også vil vere interessant for tilsette og studentar andre stader i landet å lese. Så kan kommunikasjonsavdelinga ta seg av den viktige interne informasjonen til tilsette og studentar - samt sjå kva dei får ut av ein lokal debattplattform slik universitetsstyret ønsker.
Khrono vil framleis sjølvsagt lage kritiske saker som Holberg- og avkoloniseringdebatten, rektorval og rektorkandidatar. Vi vil framleis følge med på kor dagens rektor skal ende når han går av, og kven som kan bli ny direktør. Vi vil følge med på miljøsatsinga, berekrafta, CO2-avtrykk, koronahandtering og pengebruk. Og vi skal lese postlister og styrepapir.
Det ligg også i journalistar sin natur å oppsøke konfliktar viss dei finst. Det betyr at vi vil halde fram med å be om innsyn i saker som handlar om seksuell trakassering, arbeidsmiljø, ytringsfridom og mogleg munnkorg, Kina-samarbeid, følge krenkedebattar og andre viktige faglege debattar som skulle dukke opp ved UiB.
Men, og det er eit viktig men: Vi skal også vere med på oppturane når dei kjem, slik som vi også er med andre universitet og høgskular. Khrono skal heie når rangeringar går rette vegen, men også få med oss når det går ned, når tildelingar av SFI eller studieplassar eller publiseringspoeng blir talde opp, eller nokon har suksess på andre område.
Og vi vil halde fram med å oppmuntre UiB-tilsette og studentar om å delta i Khrono med tips og debattinnlegg.
Khrono har auka lesartala sine i Bergen med 90 prosent sidan 1.mars 2019 og fram til i dag. Det er 1o prosentpoeng meir enn vi har auka samla på landsbasis i same perioden - og det er motiverande både for meg som redaktør og resten av redaksjonen som sit både i Brussel, Oslo og Bergen.
Vi vil også ta godt vare på alle dei sakene som har blitt publiserte i dei ni åra På Høyden har vore gitt ut som uavhengig nyheitsavis styrt etter Redaktørplakaten.