Ferske europeiske midlar sikrar studie av gamle, europeiske språk

Publisert

Språkforskar Jóhanna Barddal har fått 11 millionar kroner frå det europeiske forskingsrådet. Pengane gjer at ho vert ferdig med prosjektet om dei indogermanske språka.

Prosjektet EVALISA går ut på å forska på kasus og argumentstrutur i eit historisk perspektiv. Saman med Thórhallur Eythórsson og fleire andre internasjonale forskarar studerer Johanna Barddal ikkje-nominativ subjektsmarkering. Fokuset er den historiske utviklinga av slike strukturar, og Barddal vil mellom anna sjå på kva predikat som kan førekoma i desse konstruksjonane på tvers av dei indogermanske språka.

Ser på 11 greiner
Barddal er forskar ved Institutt for litterære, lingvistiske og estetiske studium (LLE). Ho ønska i utgangspunktet å sjå på 11 greiner av dei indogermanske språka. Pengar frå Bergen Forskningsstiftelse i 2008 gjorde at ho fekk sett nærare på fire, og midlar frå Forskningsrådet gjorde at ho fekk gjort ferdig to til. Dei fem siste er no sikra ved at ho får 11 millionar i såkalla ERC-midlar. Det er midlar frå det europeiske forskningsrådet, og er sett på som prestisjemidlar. Barddal har fått eit såkalla ERC starting grants, som går til forskarar som har potensiale til å leia ekstra gode forskingsgrupper i Europa.

– Dette er eit historisk-komparativt språkprosjekt, og utan midlane hadde det ikkje vore ferdig, seier Barddal til På Høyden.

Database og metode
Språkforskaren ønskjer å laga ein elektronisk database som viser dei aktuelle predikata. I tillegg er målet å kunne dokumentera utviklingsmønster hos ikkje-nominative subjekt.

– Det viser seg at oblike subjekt er ganske vanlege i ulike språk, og mange av desse språka har ikkje noko dokumentert historie, seier Barddal.

Ho har tidlegare fått ein artikkel på trykk i det prestisjetunge tidsskriftet Language, der ho gjekk imot det som har vore den rådande tenkinga om tyske subjekt.

Det tredje målet med forskinga er å laga ein metode for å rekonstruera syntaks og grammatikk.

– Dette prosjektet er den første store, altomfattande studien av historisk utvikling av kasus og argumentstruktur i moderne tid. Prosjektet nyttar moderne språkvitskaplege tilnærmingar og teoretiske rammeverk. Det dekkjer ein heil språkfamilie frå den første dokumentasjonen og fram til moderne tid, seier Barddal.

25 prosent ekstra
– Det er klart at dette gir instituttet stor prestisje og tilvokster av eit kompetent forskingsmiljø, seier Johan Myking, instituttleiar ved LLE.

Òg rektor Sigmund Grønmo gratulerer Barddal. Han seier til UiB sine nettsider at universitetet har plussa på summen med 25 prosent.

– Å vinna fram i den svært sterke konkurransen om desse midlane er eit uttrykk for høg kvalitet, seier Grønmo.

Powered by Labrador CMS