Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ferskvatn blir eit stadig knappare gode, der problema kan vere alt frå giardia-bakterier til væpna konflikt om kven som skal ha tilgong til vatnet. UNESCO-konferansen Headwater, som blir arrangert i Bergen 20. til 23. juni, vil løfte problema knytt til kildeelver lengre opp på agendaen.
– Oppstraumsområda i store elvebasseng har blitt eit stadig viktigare geopolitisk spørsmål – og det vil bli viktigare og viktigare i framtida, seier professor i historie og fagleg leiar ved Senter for utviklingsstudier, Terje Tvedt. Han meiner at to faktorar spelar ei særleg sentral rolle for å forstå dei djuptgripande endringar knytt til oppstraums-nedstraumsrelasjonar som foregår i vår tid. Det eine er knytt til den teknologiske utviklinga vi er inne i, medan den andre går på klimaendringar og uvissa knytt til desse. Det fins avtaler mellom land og ein prøver å regulere dette. Likevel har det vore vanskeleg å få til eit bindande internasjonalt lovverk. – Både samfunnsvitskap og naturvitskap er sjølvsagt utilstrekkeleg kvar for seg for å forstå slike komplekse interaksjoner mellom natur og samfunn. I den augneblinken ein tek sikte på å forslara kva som skjer må ein samarbeide med andre faggrupper.
Han hevdar at endringar i tilhøvet mellom oppstraums- og nedstraumsområde kan ha globale historiske konsekvensar, sidan over halvparten av menneska på jorda bur i fleirnasjonale vassdrag. Ein kombinasjon av auka behov for vatn, vekst i folketalet, auka utviklingsnivå og generelt større press gjer at tilhøvet mellom vatn og makt både blir meir komplekst og meir sentralt.
Terje Tvedt skal halde innleingsforedraget på Headwater-konferansen som vil samle forskarar frå ei rekke land og mange ulike fagfelt. Norske arrangørar av Headwaterkonferansen er Norges vassdrags- og energidirektorat og Universitetet i Bergen ved Senter for utviklingsstudiar.
Lettare å kontrollere vatn med ny teknologi
– Det er mykje lettare å kontrollere vatnet ved hjelp av teknologi enn det var for 50 år sidan. Samstundes blir oppstraums-områda hydrologisk viktigare, grunna uvissheita rundt den framtidige utviklinga av isbreane som jo ofte er kildane til dei store sivilisasjonsskapande elvane. Isbreane vil påverke den totale vassføringa, men også variasjonen i vassføringa frå årstid til årstid. Kontroll blir difor eit stadig viktigare spørsmål.
Tvedt nevner den framtidige utviklinga på det indiske sub-kontinent som døme. Her vil relasjonane mellom statane India, Nepal, Bangladesh og Pakistan, bli avgjerande påverka av relasjoner knytt til vatn. Pakistan er totalt avhengige av Indus-elva som har sitt utspring i Himalaya, men her vil både den politiske utviklinga i Kasmir-området og utviklinga til isbreane i Himalaya verke inn på forvaltningen av Indus-vatnet framtida. Eitt anna døme er Eufrat-Tigris, der ei oppdemming i Tyrkia vil ha mykje å seie for utviklinga i Irak og Syria. Medan Egypt er eit tredje døme. Landet ligg nedstraums i eit vassdrag som blir delt mellom ti land.
Manglar lovverk
– Dei ulike statane har veldig ulike interesser. Det er også noko med vatnets særskilde karakter. Det er heile tida i rørsle og dermed er det vanskeleg å stadfeste eit juridisk eigartilhøve til det, seier Tvedt. Han har jobba med spørsmål knytt til vatn i ei årrekke og gjer ut tre bøker om vatnets historie i 2005 med bidrag fra 90 forskere frå heile verda og arbeider no som redaktør for boka The Ideas of Water. Dette er første boka i ein bokserie om vatn som UNESCO står bak.
Sett i eit norsk perspektiv er problemstillinga for konferansen uvant. Elvene og vassdraga er nasjonale med visse unntak, men det tyder ikkje at det ikkje er mindre viktig å forstå korleis oppstrømsområda påverkar elvanes karakter, seier Terje Tvedt. Han strekar under at dette er eit felt som ikkje lar seg studere utan samarbeid over fakultetsgrensene.
Samarbeid er naudsynt
Alv Terje Fotland, også frå Senter for utviklingsstudier, er medlem av programkomiteen for Headwater. Han seier at konferansen er eit døme på nettopp dette.
– Her har dei som er retta mot hydrologi opna opp mot den samfunnsvitskaplege delen av feltet. Det er ei ny og gledeleg utvikling som har skjedd dei siste åra.
Eit hovudsiktemål med konferansen er å danne eit felles forum for utveksling av kunnskap og forskingsresultat mellom forskarar, planleggarar, feltarbeidarar, forvaltningpersonell og dei som tek dei politiske avgjerdene.