UiT-rektor Anne Husebekk, havforskingsdirektør Sissel Rogne og direktør Ole Arve Misund ved Norsk polarinstitutt eig forskingsskipet Kronprins Haakon til 1,4 milliardar saman. UiB ønskjer å bli med blant eigarane, slik det opprinneleg var tenkt, men Kunnskapsdepartementet er lite interesserte i å gjere endringar.

UiB får ikkje bli med som eigar om bord

Publisert

Kunnskapsdepartementet har ikkje svart på bøna frå Universitetet i Bergen om å få bli med på eigarsida til forskingsfartøyet Kronprins Haakon.

UiB-rektor Dag Rune Olsen sende i juni brev til Kunnskapsdepartementet der han ba om at universitetet måtte få 20 prosent av tokttida på forskingsfartøyet til 1,4 milliardar kroner.

Polarinstituttet står som juridisk eigar av fartøyet, og har 30 prosent av tokttida. Havforskingsinstituttet driftar den avanserte forskingsisbrytaren gjennom sitt rederi, og rår over 20 prosent av tokttida. Dei resterande 50 prosentane er det UiT – Norges arktiske universitet som har fått.

Størst på polarforsking, men er ikkje med

Argumenta om at Universitetet i Bergen står for det klart største volumet av polarforsking i landet, har likevel ikkje fått KD til å endre meining, og dei har ikkje svart på brevet. Lobbyverksemd rundt spørsmålet har heller ikkje ført fram.

– Slik eg tolkar signala frå KD oppfattar eg at dei ser saka som avslutta frå deira side. Dei har tre institusjonar på plass: Eigar, driftar og største brukar. Og UiB er sentralt med i forskingsprogrammet Arven etter Nansen, som er det prosjektet som i størst grad skal bruke Kronprins Haakon dei næraste åra, og det er vel departementet fornøgd med, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen.

KD: Det får vere grenser

Men Olsen er altså ikkje nøgd med at UiB ikkje får vere med på å bestemme toktplanen til forskingsskipet, men må ta til takke med tid som eigarane eventuelt får til overs.

Då På Høyden kunne fortelje historia om korleis det universitetet i Norge som forskar mest på polare strøk blei utelate då eigarskapet til den nye forskingsisbrytaren skulle fordelast, sa avdelingsdirektør Rolf L. Larsen i KD dette om eigarskapen:

– Polarforskingsmiljøet bør sette seg ned og finne ut av dette. Det får vere grenser for kva departementet skal ta seg av.

Ukjent ønske på UiT

Mens Polarinstituttet og Havforskingsinstituttet ønskjer å bruke all tokttida si, er det klart at UiT kan komme til å ha ledig tokttid, som i så fall andre kan leige.

UiT-rektor Anne Husebekk fortel at ho ikkje kjenner til brevet frå UiB, der dei ber om å få 20 prosent av tida på Kronprins Haakon.

– Eg har ikkje vore med på nokon realitetsdiskusjon rundt dette. Generelt har UiT heile tida sagt at om det blir overskot av toktdøger, og det kan det bli på vår kvote, så vil båten kunne brukast av andre. Men at UiB skulle få halvparten av vår tokttid høyrest mykje ut, seier Husebekk til På Høyden.

Har ikkje tatt stilling

Ho peiker på at forskingsprogrammet som kjem til å bruke forskingsskipet mest dei neste åra, Arven etter Nansen, er eit samarbeid mellom fleire institusjonar, der UiB og er tungt med.

– Eg håper at alle blir fornøgde, men vi har ikkje tatt stilling til om vi vil gi frå oss tokttid.

Husebekk visar og til at dei og har fartøyet Helmer Hanssen, som kan gå i noko is. I 2020 kjem og Kjell Inge Røkkes fartøy REV, som skal bruke ein tredel av tida si på forsking.

– Det er sannsynleg at det er kapasitet som vil komme andre til nytte, seier ho.

Kronprins Haakon

Design: Rolls-Royce
Verft: Fincantieri (La Spezia i Italia og ferdigstilling Vard Langsten)
Pris:1,4 milliarder kroner
Lengde: 100 meter
Bredde: 21 meter
Dypgang: 8,5 meter
Køyeplass: 55 personer (38 kabiner)
Toktlengde: 15.000 NM - seks uker i islagte farvann
Isklasse: Polar Class 3 (operasjon i 2-årig is)
Bruttotonn: 10.900
Hastighet: 10-12 knop
Framdriftssystem: Diesel-elektrisk
Motorer: 2 x 4100 ekW/720 rpm dieselgeneratorer, 2 x 2750 ekW/720 rpm, dieselgeneratorer, 1 x 1 MW LNG-drevet generatorsett
Propeller: 2x5 MW azimuth-propeller, 2 baugthrustere (900 og 1400 kW)

Kilde: tu.no og Polarinstituttet

Powered by Labrador CMS