Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Professor Kenneth Hugdahl har ikkje berre fått sitt andre store EU-stipend. Han vert òg å sjå på film.
– Eg likar ikkje å sjå opptak av meg sjølv. Eg har vore nokre gongar på TV, og eg vert overraska når nokon etterpå seier til meg at det var hyggeleg å sjå meg. Eg synest ikkje det, og ser aldri opptak av meg sjølv i reprise, seier Kenneth Hugdahl.
Men no vert han likevel å sjå på sjølvaste statskanalen. I 2009 fekk han sitt første ERC Advanced Grant frå det europeiske forskingsrådet. Ikkje lenge etterpå vart han kontakta av May-Britt Skjelvik frå UiB si kommunikasjonsavdeling. Ho ville gjerne følgja prosjektet – gjennom kameralinsa.
– Eg syntest det var utruleg spanande. BBC har sikkert gjort noko liknande, og følgt forskingsprosjekt over lang tid, men eg likte ideen om å følgja eit prosjekt over så lang tid og hadde ikkje høyrt om det i Noreg tidlegare. TV-mediet er i det heile ein fantastisk måte å presentera forsking på. Men det er sjølvsagt ressurskrevjande, og difor er det lite av det, trur Hugdahl.
To pasientar med
Sjølve ERC-prosjektet handlar om schizofreni og fenomenet «å høyra stemmer». Hugdahl leiar Bergen fMRI Group, og han og forskargruppa har vist at hørselshallusinasjonar oppstår i eit spesielt område av hjernen. I vår vart det kjent at Hugdahl får eit nytt elitestipend frå ERC – Advanced Grant for andre gong. Det gjer at han kan forska vidare på stemme-fenomenet, men med nye problemstillingar.
Filmen om hans ERC1 vart til ved at filmteamet kom til Hugdahl og forskargruppa hans ved jamne mellomrom. Planen var å følgja heile prosjektet, heilt frå rekruttering av tilsette til presentasjon av resultat. Fotograf Frode Ims var floge på veggen, og Hugdahl tok sjølv kontakt når han syntes forskargruppa hadde noko å visa.
– Forskinga vår kan vera ganske visuell, med lab-arbeid og MR-scanning. Det er to pasientar som er med i filmen, og dei vart mellom anna filma når dei var i scannaren, seier Hugdahl.
15 seconds of fame
Til hausten skal filmen etter planen visast på NRK Kunnskapskanalen. Det har allereie vore to visingar på UiB, og Hugdahl håpar å få til ei filmvising på Sandviken sykehus.
– Filmen har ein todelt bodskap. For det eine handlar det om å få meir forståing kring hørselshallusinasjonar. Kva veit ein? Kva veit ein ikkje? Kor går ein? Og kor står ein? For det andre er dette ein film om korleis eit stort forskingsprosjekt startar, veks og vert avslutta, seier Hugdahl.
Han seier at alle forskarane i prosjektet får sine, om ikkje «15 minutes of fame», så i alle fall femten sekund.
– For nokre av stipendiatane var det nok i utgangspunktet skummelt nok å presentera noko på interne seminar framfor kritiske kollegaer. No vart det filma i tillegg.
Om att og om att…
Men korleis var det for ein som ikkje likar å snakka på TV å verta filma over så lang tid?
– Eg er jo ingen profesjonell skodespelar. Eg syntest det var vanskeleg å skulle forklara på ein enkel måte – slik ein må når ein snakkar med media – og spesielt alle gjentakingar, om igjen og om igjen. Men etter kvart lærte eg å ta med knusande ro at ein måtte ta opptak på nytt. Anten var det noko feil med diskantlyden eller så var det lysforholda, humrar Hugdahl.
Han er nøgd med resultatet, og ville gjerne sett at filmen fekk plass på NRK1.
– Eg er utruleg imponert over det arbeidet som er gjort med redigering. Eg vil ikkje gå med på å berre kjefta på mediefolk, som me akademikarar ofte gjer – de er faktisk ganske flinke til å få fram substansen, seier Hugdahl.
Sjeldan moglegheit
May-Britt Skjelvik døydde etter ei tids sjukdom før filmen var ferdigredigert. Ektemannen Arnt Brandseth, også han tilsett i kommunikasjonsavdelinga, var med gjennom heile prosessen og er den som har gjort ferdig filmen. Filmen kan du sjå her.
– Det har vore interessant. Å følgja eit forskingsprosjekt over så lang tid er ei moglegheit som ikkje så mange andre har. Dersom ein jobbar i eit TV-selskap jobbar ein på ein annan måte, seier Brandseth.