UiB-film frå Tanzania opnar festival for antropologifilm

Publisert

Denne veka er det klart for antropologisk dokumentarfilmfestival i Bergen. Professor Frode Storaas står bak opningsfilmen Atali’s garden.

– Det er jo premiere, så dette blir veldig spennande, seier Storaas.

Saman med antropolog Knut Christian Myhre frå Universitetet i Oslo har han vore på feltarbeid i Tanzania, og laga film om eit av menneska dei møtte.

— Filmen er eit tett møte med Atali, ein mann som hadde håpa å ha større suksess i livet sitt, enn det han har. Han har oppdaga at far hans ikkje er den han trudde. Han er eigentleg son til den store høvdingen, og Atalia tenker difor at han har vendt seg til feil forfedrar, og ikkje fått den støtta han burde hatt i livet.

— Atali vil forandra namn, og gå over til høvdingklanen. Me følger dette ritualet han må gjennom. Og så er det jo litt anna personleg drama inni der også, seier Storaas.

Les også: Bli med til Nepal

Festival sidan 1979
Filmen skal opna den internasjonale antropologiske dokumentarfilmfestivalen NAFA 2016, som startar tysdag.

NAFA – (Nordic Anthropological Film Association) var eit nordisk initiativ på 1970 talet, og har no utvikla seg til å bli eit verdsomspennande nettverk.

I år er det Universitetsmuseet i Bergen, i samarbeid med Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) som står som arrangørar for festivalen.

I fjor blei den halden i Warsawa, og no er turen komen til Vestlandets hovudstad.

Storaas er også leiar for nettverket, som har base i Bergen.

– Det er mykje arbeid som ligg bak, men det er utruleg kjekt.

Over 200 filmar frå heile verda blei påmelde til festivalen, men berre 26 av dei blir vist,

– Det er ein internasjonal jury som tar seg av utveljinga. Nålauga er trongt, så det er ein prestasjon å få koma med på programmet.

Professor i antropologi ved UiB, Frode Storaas, saman med stipendiat i visuell antropologi, Åshild Sunde Feyling Thorsen. Dei har hatt travle dagar med å gjera alt klart til festivalen. 

Ekte møte
– Kva er eigentleg antropologisk film?

– Det er møte mellom folk på ein innsiktsfull måte. Eg prøver å få publikum med på mine opplevingar og mitt feltarbeid. Den som ser filmen opplever å vera på skuldra mi i situasjonen.

Han meiner filmsjangeren er svært viktig.

– Nyheiter bringer bilder frå verda til oss, men me ser ikkje korleis folk lever. Midausten blir bomber. Afrika blir hunger og svolt. Vår sjanger viser livet - den variasjonen som er i både samfunn og kultur.

Historia blir til medan dei er ute i felten.

– Eit Tv-team vil gjerne bygga ei spesifikk historie, og så reiser dei ein stad for å få dei bilda som passar til historia. Antropologisk film er ein motsett veg å gå. Ein redigerer jo også, og vel noko ut i frå verkelegheita. Men eg har ikkje eit manus på førehand. Eg iscenesett ingenting, og ber ikkje folk venta fordi eg skal setta opp lys eller andre ting.

Filmane blir mykje brukt til undervisning.

– Studentane som ser filmane kan prøva å tenka som om det er eit feltarbeid. Filmen blir ein case, ei forteljing for dei.

Atali kjem til Bergen
Hovudpersonen i Storaas sin film kjem til Bergen for å sjå filmen for første gong. Det gjer alt litt ekstra nervepirrande.

– Eg er veldig spent på korleis Atali reagerer sjølv – han fortel jo om personlege ting i filmen. Når ein jobbar med film, er ein alltid usikker på korleis den blir tatt i mot. Eg føler kanskje at filmen er for antropologisk fagleg, og litt mindre tilgjengeleg enn andre filmar eg har laga. Men det er eit tett møte med nokon, og så er det drama, som det jo ofte er i folk sine liv.

Han jobba tett opp mot tidsfristen for å få den ferdig.

– Dei siste scenene tok eg vekk i går. Kill your darlings, heiter det jo.

Har du lyst å sjå det endelege resultatet, blir filmen vist på Tivoli på Kvarteret i kveld klokka 1915.

Gulluglen for tredje gong
Universitetet i Bergen har sidan 2014 hatt ein eigen konkurranse under BIFF, for beste dokumentar som formidlar forsking. 

I år er fem filmar nominerte til å vinna Gullugle-prisen, blant anna den antropologiske filmen Damiana Kryygi, som også skal visast under NAFA. Vinnarfilmen blir tildelt 25 000 kroner. 

Powered by Labrador CMS