Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
UiB har sendt inn 35 søknader til Forskingsrådet sitt nye toppforsk-program. Eitt kjem garantert gjennom nålauga.
Gode forskarar og forskingsmiljø skal få økonomiske rammer som gjer at dei kan jobba friare og over lengre tidsrom enn det som er vanleg i Forskingsrådet sine forskingsprosjekt.
Det er bakgrunnen for den nye kategorien under Forskingsrådet sin «fri prosjektstøtte»-kategori. Fripro toppforsk er finansiert av Fellesløftet III, der universiteta og forskingsinstitusjonane legg 750 millionar kroner i potten i løpet av sju år. Planen er at Kunnskapsdepartementet skal gjera det same.
Det vil seia at den årlege summen vil verta om lag 200 millionar kroner.
1,5 milliardar
– Me veit ikkje kor mykje me får. Men det kan vera naturleg å samanlikna med Fellesløftet I. Då gjekk me inn med 21 millionar, og fekk det same, totalt 42 millionar kroner, seier Sven-Egil Bøe, som leiar Kontor for budsjett.
Men om summen UiB ender opp med vert om lag 40 millionar, er det likevel vanskeleg å seia kor mange prosjekt det vert pengar til. Forskingsrådet legg opp til at prosjekta vil kunne få mellom 15 og 25 millionar kroner i støtte over fire-fem år, og skriv på nettsidene sine at kvart universitet vil å sjanse til å få gjennomført minst eitt prosjekt.
Tek dekanane med på råd
Fristen for den aller første toppforsk-utlysinga var førre veke. På lista frå UiB står det 35 prosjekt. Uni Research har sendt inn ein søknad, med Endre Tvinnereim som prosjektleiar. Men instituttsektoren er ikkje på same måte som universiteta sikra å få prosjekt.
– Lista me har sendt inn er ikkje ei prioritert rekkefølge. Søknadane vil verta evaluert av internasjonale panel, og deretter får institusjonane tilbake ei liste som viser kva karakter dei ulike prosjekta har fått, seier prorektor Anne Lise Fimreite.
Karakterskalaen går frå ein til sju, der sju er best. Når UiB-leiinga får karakterboka, kjem dei til å setja seg ned saman med dekanane for å avgjera kva miljø som skal få støtte.
– Ein kan sjå føre seg at det er fleire søknader som får toppscore enn me har pengar til, seier Fimreite.
– Korleis avgjer ein då kven som skal få toppforsk-status?
– Kvalitet, kvalitet, kvalitet, seier Fimreite, og legg til:
– Sjølv om det er fleire som får toppkarakterar, må det argumenterast for kvifor akkurat det eine eller andre prosjektet skal verta prioritert. I tidlegare tildelingar under felleløftet har universitetsleiinga prioritert prosjekta som får støtte åleine, men sidan fellesløftet denne gongen har ei anna innretting, ønskjer me å ha dekanane med.
Må søka ERC
Målet med toppforsk-ordninga er å få fleire norske forskarar som er blant dei internajsonalt leiiande på sitt felt. I vurderinga av søknadane vil det verta lagt vekt på om prosjektet og prosjektgruppa har eit slikt potensiale. Det er òg eit krav om at dei som er prosjektleiarar søkjer om ERC-midlar i løpet av prosjektperioden. Gjer ein ikkje det, vil ein ikkje kunne søkja Fripro att etter endt toppforsk-periode. Forskingsrådet legg òg vekt på at ein kan vera prosjektleiar for eit toppforsk-prosjekt og for eit Senter for framifrå forsking (SFF) samstundes. Neste SFF-utlysing er til hausten.
– Toppforsk er først og fremst miljøstøtte, og på sett og vis kan ein kalla det eit mini-SFF. Men nokre av dei som søkjer no, har truleg tenkt at dei vil velja toppforsk no, og så heller prøva seg på SFF ved eit seinare høve, seier Fimreite.