Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fleiralet av Toppforsk-prosjekt hadde ikkje toppkarakter. Likevel fekk UiB-prosjekt med toppkarakter ikkje pengar.
I januar kom tildelinga av Toppforsk-midlar frå Forskningsrådet. 46 prosjekt får mellom 15 og 25 millioner kroner over fire til fem år. Ordninga vart innført i 2011, og er ein del av fellesløftet, der Forskningsrådet og institusjonane bidrar med halvparten av midlane kvar. I denne tildelingsrunden var òg høgskular og forskingsinstitutt med i konkurransen.
Vil løyse gen-gåte
Men konkurransen fungerer ikkje heilt som andre søknader om forskingsmidlar, noko medisinprofessor Eystein Husebye har fått merke. Han jobbar med å finne ut om monogene, arvelege sjukdommar er langt vanlegare enn vi trur. Tidlegare har ein trudd at det måtte to gen med feil for å skape mange arvelege sjukdommar.
– Men dei siste åra er det oppdaga at langt fleire sjukdommar enn ein før trudde skuldast einskildgen. Vi vil bruke studien av einskildgen for å lære oss meir om organutvikling eller immunutvikling. Det er ein måte å bruke sjeldne sjukdommar for å lære seg korleis prosessar normalt skal fungere, seier Husebye.
Binyrebarksvikt, kronisk B12-mangel og type 1-diabetes er døme på sjukdommar som kan skuldast feil i einskildgen.
Måtte trekke søknad
For å få finansiert forskinga søkte Husebye difor om støtte frå Forskingsrådet, både gjennom den vanlege Fripro-ordninga, som er delt inn i ulike fagfelt, og gjennom Toppforsk-ordninga. Mens vanleg Fripro-støtte vanlegvis gir finansiering i tre år, gir Toppforsk meir pengar over fire til fem år.
Men etter ei veke fekk han telefon frå Forskingsrådet: Han kunne ikkje søkje innan begge ordningar, og trekte difor Fripro-søknaden.
Deretter blir prosjekta vurdert av internasjonale ekspertpanel, og alle som får dei to høgaste karakterane, 6 og 7, blir med i finalen, der institusjonane til slutt tek avgjerda. 74 av 172 søknadar fekk 6 eller 7 i karakter. Av dei 74 fekk 50 hovudkarakteren 6, mens 24 fekk karakteren 7. Sjå lista som vedlegg nederst i saka.
Berre UiO løyvde ekstra pengar
Toppforsk er ein del av fellesløftet, og Forskingsrådet og institusjonane bidreg med halvparten kvar. Potten per institusjon er rekna ut på grunnlag av kor mykje tilslag institusjonane har fått over den ordinære Fripro-ordninga frå 2010 til 2013.
Universiteta fekk òg tilbod om å gå inn med ekstra pengar. Universitetet i Oslo var den einaste som takka ja, og gjekk einsidig inn med 50 millionar kroner ekstra for å finansiere fleire prosjekt.
Universitetet i Bergen, der Eystein Husebye jobbar, fekk ei liste med femten prosjekt som hadde fått karakteren 6 eller 7.
Mindretalet hadde toppkarakter
Men UiB hadde berre nok finansiering til åtte prosjekt, og vurderte lista utifrå ei fordeling mellom ulike fag. Dermed fekk ikkje prosjektet til Husebye eller kollega Helge Wiig finansiering, trass i at dei to prosjekta fekk karakteren 7.
Av dei 46 prosjekta som fekk tilslag var det berre 22 som hadde 7 i karakter, resten hadde 6.
– Hadde eg visst at dette var ein prosess med så mykje fram og tilbake og intern fordeling, så hadde eg aldri tatt sjansen. Sjansen hadde vore stor for at mitt prosjekt hadde nådd opp som Frimedbio-prosjekt innanfor Fripro. No enda eg opp med ingenting, seier professoren, som peiker på at slike konsekvensar kunne vore unngått dersom ein fekk lov til å søkje i begge kategoriar.
Hans håp er at UiB no vil sjå verdien av forskinga, og satse eigne, strategiske midlar på det.
Toppforsk-programmet blei oppretta for å dele ut pengar til framifrå forskingsmiljø som ikkje har fått status som Senter for framifrå forsking (SFF) eller EU-prosjekt av typen ERC.
Denne gongen blei konsekvensen at to prosjekt med toppkarakter blei forbigått av mange andre, og står utan finansiering.
UiB kjem til å bruke 90 millionar kroner på dei siste Toppforsk-tildelingane i løpet av ein femårsperiode.
Delar uroa
Dekan Nina Langeland på Det medisinsk-odontologiske fakultetet ved UiB finn det vanskeleg å samanlikne tildelingane innanfor svært ulike fagdisiplinar.
– Men bortsett frå det, delar eg uroa til Husebye, seier Langeland, som fortel at saka er sendt over til UiB-rektor Dag Rune Olsen.
Habile utlendingar
Spesialrådgivar Øyvind Pettersen i Forskingsrådet jobbar særleg med Toppforsk innanfor Fripro, og forsikrar at det blir lagt ned mykje arbeid for å plukke ut dei aller beste søknadane.
– Alle søknader til Fripro blir vurdert av internasjonale ekspertpanel, der det berre sit utlendingar, for å unngå habilitetsproblem. I fjor hadde vi til saman 41 ulike ekspertpanel, og over 200 ekspertar deltok, fortel Pettersen.
Deretter fekk institusjonane tilbake lister over søknadane som hadde fått samla karakter 6 eller 7.
– Vi tok med alle som hadde 6 eller 7, for då er dei definitivt støtteverdige. Ekspertpanela bruker òg karakterskalaen litt forskjellig, så ein 6-ar treng ikkje å vere noko dårlegare enn ein 7-ar.
– Men hadde det ikkje vore betre om berre dei aller beste prosjekta blei valde ut til å få støtte, uavhengig av kva institusjon dei kom frå?
– Toppforsk er eit spleiselag mellom Forskingsrådet og institusjonane for å nå dei beste forskargruppene. Det har heile tida vore ein del av avtalen i fellesløfta at institusjonane står fritt til å leggje strategiske omsyn til grunn når dei skal velje blant dei beste søknadane, seier Pettersen til På Høyden.
Fordelinga av potten mellom institusjonane ligg altså fast, men kvar institusjon står fritt til å fordele prosjekta slik dei vil.
Ved lista over søknadar med 6 og 7 låg ei oversikt over kor mykje UiB har fått ut av Fripro frå 2010 til 2013, fordelt på dei tre programma Frimedbio, Frinatek og Frihumsam.
– Dette var inga føring for korleis pengane skulle brukast, seier Pettersen.
– Ikkje nedprioritert
Då potten skulle delast valde leiinga på UiB å dele ut prosjekt basert på tradisjonelle grenser mellom ulike disiplinar.
– Eystein Husebye sin søknad blei vurdert innanfor Frimedbio-gruppa. Når det gjeld prioriteringar innan denne gruppa har vi følgd karakterane og uttalane som kom frå panela. Husebye er ikkje nedprioritert, seier viserektor Robert Bjerknes.
Men mens to av søknadane frå UiB fekk hovudkarakteren sju utan å få løyving, var det eit prosjekt som fekk pengar sjølv om det «berre» hadde blitt vurdert til ein seksar. Og på andre institusjonar var det altså 23 prosjekt som skårte dårlegare, men likevel fekk pengar.
Ved dei to tidlegare fellesløfta har UiB følgd fordelinga mellom dei ulike Fripro-programma.
– Teoretisk sett kunne ein sagt at for dette fellesløftet, så skulle ein gjere det annleis. Men vi la fellesløftintensjonen til grunn, og hadde ein brei diskusjon for å sikre at alle delar av universitetet var med på det. Vi valde å videreføre Toppforsk som tre kategoriar, og dette er òg forankra i dekangruppa. Der var ein einige om å ha fordelinga mellom dei ulike faga omtrent som det før, seier Bjerknes.