Steinar Vagstad er kritisk til at universitetsleiinga vil gjere forskingstermin økonomi- og vikaravhengig.

Vil berre gi forskingsfri om det finst pengar

Publisert

Forskarforbundet fryktar dårlegare vilkår for forskinga. Universitetsdirektøren vil no trekke framlegget.

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm har lagt fram reviderte retningslinjer for forskingstermin, som ved Universitetet i Bergen blir praktisert ved at forskarar etter å ha jobba i seks år kan ta eitt år fri frå undervisning og andre plikter, og bruke året til berre forsking. Forskarane kan bli ved eigen institusjon, eller dra til utlandet for å samarbeide med forskarar der.

Budsjett og undervisning
Men arbeidsgivaren set for mange vilkår i framlegget, meiner Steinar Vagstad, som leiar Forskarforbundet ved UiB.

Dagens regelverk er tydeleg på at den enkelte professor eller førsteamanuensis har rett til forskningstermin kvart sjuande år så lenge ein har ein godkjent plan for den forskninga ein tenkjer å utføre i løpet av forskningsterminen. I dei nye retningslinjene får arbeidsgjevar rett til å avslå søknader om forskningstermin «av undervisnings- eller budsjettmessige grunner». Dette vil særleg kunne råke små fag, der det er vanskeleg å få skaffe vikarar til undervisning. 

– Dei vil altså gjere budsjettomsyn til ein grunn til å nekte folk forskningstermin. Det ein då gjer er å nedprioritere forsking i høve til alminneleg drift, åtvarar Vagstad.

Fleksible på små fag
Saka var på høyring blant dei tillitsvalde, dekanar og andre før sommaren, og Vagstad blei svært overraska då han såg saksframlegget til universitetsstyret. «Det har vært tatt hensyn til de innspill som er kommet», heiter det i saka. Det stikk motsette er tilfellet, meiner Vagstad, for teksten er knapt endra frå høyringsutkast til ferdig saksframlegg.

Forskarforbundet er opne for å vere fleksible på mindre fag, der det somme tider kan vere vanskeleg å skaffe vikarar for vitskapleg tilsette. Men denne fleksibiliteten handlar om at ein av og til må legge forskingsterminen til eit anna semester enn ein kunne ønskje seg, ikkje at forskningstermin blir inndratt. Ingen er uerstattelege, meiner Vagstad. 

— Eg sit av og til med ei kjensle av at om enkelte leiarar hadde fått bestemt så hadde vi ikkje hatt rett på ferie eller fødselspermisjon heller, men du hadde kunna søkje om det, seier Vagstad.

Feilformulert
Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm innrømmer at formuleringa om at administrasjonen hadde tatt omsyn til høyringsinnspel kom feil ut.

– Formuleringa var uheldig, seier Bernstrøm, som vil sørge for at det blir retta.

Når det gjeld sjølve reglementet trur han det er meir retorikk enn substans som skil dei to syna.

– Hovudpoenget er at vi ønskjer at folk tek forskingstermin. Det er ikkje meininga å gjere endringar i praksisen, seier Bernstrøm.

Studentplikt
Det er særleg på mindre fag at det kan vere aktuelt å styre uttaket av forskingstermin i høve til utdanningssituasjonen.

– Vi må balansere omsynet til både utdanning og forsking. Vi har ei plikt overfor studentane og, understrekar Bernstrøm.

Men etter at Forskarforbundet tok opp saka varslar Bernstrøm likevel at han vil sjå på saka på nytt, og setje ned eit utval i saka. Dermed blir saka trekt frå universitetsstyremøtet i morgon.

Langt betre vilkår på NTNU
Ved Universitetet i Bergen kan dei vitskapleg tilsette ta ut forskingstermin kvart sjuande år. Tidlegare rektor Sigmund Grønmo foreslo i 2012 å redusere oppteningstida frå seks til fem år, men framlegget fekk ikkje støtte i universitetsstyret, og dekanane skal ha gått imot det.

Ved UiO er det òg seks års oppteningstid for to semesters termin. Her blir det stilt krav om minst 0,7 publikasjonspoeng i året for at forskarar skal få termin.

Ved NTNU varierer oppteningstida etter kva fakultet ein er på. Den kortaste tida ein må jobbe for å få eit år fri til å forske er fire år, mens den lengste er sju år. Ved nokre fakultet kan ein få støtte på til dømes 28 000 kroner i månaden om ein dreg til utlandet med familie. 

Powered by Labrador CMS