Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– At finansieringsordninga for studieplassar følgjer fakultetsgrensene, er frykteleg urimeleg. Det seier HF-dekan Margareth Hagen.
Det samfunnsvitskapelege fakultetet ønskjer betre finansiering av studieplassane i journalistikk. No spelar Det humanistiske fakultetet inn betre finansiering av framandspråkfaga som ein del av innspelet sitt til humaniorameldinga. Som kjent vil regjeringa legga fram ei eiga melding om norsk humaniora neste år.
– Me er realistiske. Å gå inn for ei kategoriheving av alle HF-fag er ikkje realistisk. Men me meiner at i alle fall framandspråkfaga bør opp minst ein kategori. Språkfaga er dyre å driva, nokre av dei er svært undervisningsintensive, seier HF-dekan Margareth Hagen.
Ho seier at tilbakemeldingane frå andre humanistiske fakultet i Noreg er at dei òg kjem til å peika på dette i sine tilbakemeldingar.
Tavler og kritt?
Finansieringa av HF-faga, og særleg språkfaga, vart diskutert under konferansen om språksamlingane førre veke.
– Mange trur at HF-fag berre handlar om tavler og kritt, sa Oddrun Grønvik.
Ho er språkforskar ved UiO og har mellom anna vore redaktør for Norsk ordbok.
– Då eg var dekan sa kollegaen min på medisin hånleg at ein kan seia det same til 350 studentar i eit auditorium, men ein kan berre ha tre studentar med når ein skal partera eit lik. Ei slik skeivfordeling av ressursar til utdanning er skrekkeleg og skammeleg.
Det sa Ole-Jørgen Johannessen, som er førsteamanuensis emeritus ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.
– Heng ikkje på greip
I dag er finansieringssystemet for studieplassar organisert i seks kategoriar, frå A-F. Kategori A, som er topp, gir 145 000 kroner per studieplass. Her ligg mellom anna medisin. I kategori F, som gir 36 000 kroner per studieplass, ligg HF- og SV-fag på lågare nivå. Unntaket er digital kultur, som ligg i kategori E. Masterprogramma på HF og SV er plasserte i kategori D. Helsefag, lærar- og realfagsutdanningar på lågare nivå ligg i kategori E.
– Å følgja fakultetsgrensene er frykteleg urimeleg, det heng ikkje på greip, seier Hagen.
– Hos oss bør særleg arkeologi flyttast opp i tillegg til framandspråkfaga, legg ho til.
Heile finansieringssysstemet er føreslege endra i samband med rapporten frå ekspertgruppa som har sett på finansieringa av universitet og høgskular. I deira forslag ligg det inne fire kategoriar.
Les òg: Ei verd utan filosofar?
– Vart åtvara om HF og SV
Hagen peikar på at det er veldig mange incentiv for å få unge til å velja realfag.
– Seinast dagen før søknadsfristen for Samordna opptak gjekk ut, var det ei sak i Dagsrevyen der unge vart åtvara mot å velja HF- og SV-fag. Det høyrest litt pompøst ut, men me veit faktisk ikkje kva yrke og kompetanse som trengs i framtida. Men me veit at me treng kompetente arbeidstakarar som kan arbeida sjølvstendig, analytiske og som evnar å sjå samanhengar. Det er aldri ein kampanje, til dømes i dei vidaregåande skulane, for å få nokon til å velja HF-fag, seier dekanen engasjert.
– Så kan ein spørja seg om dei ungdommane som faktisk vel HF-fag då tek feil? Eg trur dei er kloke.